Hopp til innhold

Forbyr aksjonistar å nærma seg

Elleve aksjonistar har fått forbod mot å nærma seg traseen for den omstridde kraftlinja i Hardanger.

Synnøve Kvamme som blir arrestert av poitiet

Synnøve Kvamme er tidlegare pågripen og bøtelagt for å ha aksjonert mot byggearbeidet. No har ho og ti andre fått ferdselsforbod.

Foto: Arnstein Karlsen

John Reidar Nilsen

Visepolitimeister John Reidar Nilsen innfører strenge tiltak.

Foto: Aili Maanum Hansen / NRK

Etter fleire månader med aksjonar mot arbeidet med bygging av høgspentlinja gjennom Hardanger, kjem det no strengare tiltak frå politiet.

Maks 150 meter

Elleve personar har fått totalforbod mot å koma nærmare enn 150 meter frå alle mastepunkt og andre anleggsplassar. Dette gjeld personar som tidlegare har vore med på ulovlege demonstrasjonar i Hardanger.

– Vi prøver alltid å bruka mildare tiltak, men når vi ser at det ikkje hjelper må vi dessverre gå til meir drastiske tiltak, seier visepolitimeister John Reidar Nilsen i Hordaland politidistrikt til NRK.

Han meiner forbodet er nødvendig for at arbeidet skal kunna halda fram på ein trygg måte, og meiner forbodet ikkje hindrar nokon i å seia kva dei meiner om sjølve kraftlinja.

Nilsen understrekar at det er eit lovleg arbeid som blir hindra av aksjonistar.

Risikerer bøter

– Kva skjer dersom forbodet blir trossa?

– Då vil dei kunna bli pågripne og bøtelagde. Bøtenivået blir frå 10 000 kroner og oppover, seier Nilsen.

Mast i Kvam

NYE MASTER: Det er dette aksjonistane demonstrerer mot. Denne masta vart i sommar reist i Kvam.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Politiet vil samtidig innskjerpa bruken av meldeplikt for demonstrasjonar, som går ut på ein må melda frå to døgn før ein demonstrasjon skal finna stad.

– Latterleg forbod

Synnøve Kvamme er ein av dei elleve som har fått opphaldsforbod. Ho meiner dette er eit altfor drastisk tiltak.

– Dette er latterleg. Det er jo ganske alvorleg viss det er slik at dei skal hindra meg i å gå i fjellet. Dette kan bety at eg ikkje lenger kjem meg opp til stølen min på fjellet, seier ho til NRK.

Ho seier det no er usikkert kor mange aksjonar det blir framover, og at dei må sjå nærare på det nye forbodet.