NRK Meny
Normal

Vil ha varmestønad

Norges Naturvernforbund vil at private hushaldningar skal få pengestøtte til å erstatta elektrisk oppvarming med andre energikjelder.

Panelovn
Foto: NRK

Straumprisane er i dag høgare enn på fleire år, og ved å kvitta seg med panelomnen kan du spara både miljøet og straumutgifter.

Leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, ber no olje- og energiministeren om å innføra investeringsstøtte til miljøvenlege varmekjelder.

Foventar å få støtte

- Me forventar at dette skjer. Det står jo i Soria Moria-erklæringa at dei skal koma med ei langsiktig støtteordning. Dersom Enoksen og regjeringa er så uroa over kraftbalansen i Noreg som dei gir uttrykk for, er dette eit utmerka tiltak, meiner Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.

Straumforbruket og straumprisane er høgare enn på fleire år. No ønskjer Norges Naturvernforbund at staten skal sponsa private hushaldningar som vel å kvitta seg med elektrisk oppvarming.

Vil ha pengestøtte på 20 %

Dersom du fjernar den elektriske panelomnen, og erstattar han med reinbrennande vedomn, varmepumpe eller pelletskamin, vil dei at staten skal gje ei investeringsstøtte på 20 %.

- Det betyr at ein kan få nokre tusenlappar frå staten for å gå frå panelomn til miljøvenleg oppvarming, seier Haltbrekken. 

I 2003 blei det innført ei slik støtteordning, men denne varte berre i nokre få månader.

Jobbar med ein plan

Saman med Norges Skogeierforbund, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil no Norges Naturvernforbund ha ei langsiktig støtteordning.

Olje- og energidepartementet arbeider no med ein plan for energiomlegging som kjem om kort tid.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik