Hopp til innhold

Førarlaust vogntog begynte å trilla – stoppa på kanten av mur

SLETTEN (NRK): Idrettshall sperra av då det nesten gjekk gale for sjåføren.

Lastebil på kanten i Bergen
Foto: Sissel Rikheim / NRK

Alle naudetatane rykka ut då meldinga om nesten-ulukka kom like før klokka 13.00 frå Vilhelm Bjerknes' vei på Sletten i Bergen.

Laster Twitter-innhold

– Ein større lastebil med last trilla over fortauet, og opp på murkanten. No heng den litt over muren, og vi har stengt av delar av Fysakhallen som ligg nedanfor, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

Trilla over fortau

Vogntoget hadde trilla over eit fortau og knust gjerdet, før det vart ståande fast på murkanten like over idrettshallen Fysakhallen på Sletten.

Brannvesen og politi er på staden, og det ser foreløpig ikkje ut som det er fare for at vogntoget tippar over.

– Dette er eit stort køyretøy, så den blir nok hengande litt på halv åtte ei stund til, men brannvesenet har sikra køyretøyet slik at det ikkje skal gli lenger ned.

Når vil hallen opna igjen?

– Så snart me får tungbilbergaren på plass, og får trekt den litt ned frå kanten, så vil aktiviteten på hallen kunna gå som normalt igjen.

Det blir ikkje oppretta sak

– Politiet ser alvorleg på saka. Dette er eit område med mange menneske, og i verste fall kunne vogntoget ha trilla utfor og øydelagt Fysakhallen, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Kronen.

Han fortel at sjåføren har vore inne til avhøyr hos politiet, men det blir ikkje oppretta sak, for politiet kan ikkje sjå at sjåføren har vore aktlaus.

– Her har det skjedd noko med køyretøyet, men me veit ikkje sikkert kva. Sjåføren forklarte at han høyrde kveselydar då han skulle kopla på ein hengar. Det er mest sannsynleg snakk om ein luftbrems.

Kronen fortel at det er snakk om eit relativt nytt vogntog, og at sjåføren har det tungt.

– Han har det tungt nok. Det er klart at dette ikkje er noko kjekt for han.

Tungbilbergaren var på plass like før klokka to, og operasjonsleiar Kronen reknar med at vogntoget er vekke frå staden om nokre få minutt. Då skal køyretøyet inn til undersøking for at ein skal finna årsaka til nesten-ulukka.

Lastebil trilla over vegen på Landås