Hopp til innhold

Førar forsvann etter kollisjon

Politiet leitar etter føraren av ein bil som har køyrd i fjellveggen ved Kvalheim på Radøy. – Vedkommande har gått frå staden, og vi leiter no etter føraren for å finne ut kva som har skjedd. Det er meld om materielle skadar på bilen, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt. Trafikken kan passere på staden.