Hopp til innhold

For trangt for E16 mellom Arna og Stanghelle

Mangel på plass mellom tronge fjellsider gjer at Vegvesenet må søka om lov til å legga vegkryssa i fjell. Får dei nei kan heile utbygginga stå i fare.

Opprydding etter ras på E16 og Bergensbanen

RASUTSETT: Rasfaren er alltid til stades på vegen og jernbana gjennom Vaksdal kommune. Her frå eit jordskred i 2015 som traff både E16 og Bergensbanen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Dette er mellom dei aller vanskelegaste prosjekta vi har her i region Vest, seier Olav Lofthus i Statens vegvesen.

Saman med Cecilie Bjørlykke i Jernbanedirektoratet har han nettopp rulla ut eit over meter langt kart og lagt det på bordet mellom seg. Halvtjukke strekar i forskjellige fargar svingar seg frå Arna til Stanghelle og syner dei ulike skissene det vert jobba med.

Planlegginga av ny europaveg og jernbane på strekninga er mellom dei viktigaste og mest etterlengta samferdsleprosjekta på Vestlandet.

Olav Lofthus og Cecilie Bjørlykke planlegger ny bane og veg mellom Arna og Stanghelle

PLANLEGG NY VEG OG BANE: Olav Lofthus og Cecilie Bjørlykke med kartet over trasèskissene mellom Arna og Stanghelle.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Ikkje plass til vegkryss

Men mellom dei bratte fjellsidene langs Sørfjorden er det trongt med plass.

For nye E16 er det rett og slett for trongt.

– Vi slit med å finna lange nok dagsoner der vi kan plassere vegkryssa. Vi er nøydde til å ha 1000 meter lang strekning i dagen. Det finst kanskje berre i Sædalen over Vaksdal, forklarer Lofthus.

Det er svært viktig at bygdene langs dagens rasutsette E16-trasé kan kopla seg på ny europaveg på ein god måte. Men mangel på opent terreng kan gjera det umogleg å bygga ein ny E16.

– Viss me skal legga vegnormalen til grunn, så er det eigentleg ikkje mogleg å bygga ny veg her, seier Lofthus.

Skisser over ny E16 gjennom Vaksdal

SKISSER: Den raude streken nærast Vaksdal syner nye jernbanetrasèen, medan dei andre strekane syner ulike løysingar for E16. Vegvesenet presiserer at dette er skisser og langt frå noko som er bestemt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Har søkt Vegdirektoratet om lov

Løysinga til fagfolka er å legga vegkryssa inn i fjellet. Men det krev at ein får lov av Vegdirektoratet.

Prosjektleiinga har sendt ein søknad til direktoratet der dei ber om å få avvika frå vegnormalen.

– Vi må finna spesielle løysingar for denne strekninga. Vi er avhengige av eit løyve frå Vegdirektoratet å få om vi skal få til dette, seier Lofthus.

Nokre av dei skissene som dei har presentert for direktoratet, liknar på rundkøyringane i tunnelane på begge sider av Hardangerbrua. For jernbanen sin del er ein komen langt nærare ei løysing, fortel Cecilie Bjørlykke i Jernbanedirektoratet.

– Mest truleg blir det to lange tunnelar mellom Arna og Stanghelle, med ein stasjon i dagen i Vaksdal der Coop Prix ligg i dag.

Nytt prisoverslag

Nyleg vart det kjent at byggestart på prosjektet er blitt utsett i kommande nasjonal transportplan. Det skapte sterke reaksjonar, og siste ord er garantert ikkje sagt før endeleg NTP vert lagt fram i neste veke.

Fagfolka ynskjer ikkje å blanda seg inn i debatten, men presiserer at prisanslaget på i overkant av 20 milliardar kroner for både bane og veg er høgst usikkert.

– Eit sikrare prisanslag er vi først klare med når vi veit kva vi får lov til å bygge av Vegdirektoratet. Det må vi lov til å komme tilbake til, avsluttar Olav Lofthus.

Når Vegdirektoratet er ferdig med behandlinga av søknaden er ikkje kjent.

Solberg, Hareide og Njåstad på Arna stasjon

PRESENTERTE NTP: Knut Arild Hareide (KrF), Helge Andrè Njåstad (Frp) og statsminister Erna Solberg på Arna stasjon tidlegare i vinter.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK