NRK Meny
Normal

– Det er for tidleg å seie at me har brote lova

Å tvinge uteserveringar til å selje øl frå ein leverandør er ikkje lov, stadfestar helseministeren. Byrådsleiar Stolt–Nielsen avviser at Høies svar betyr at Bergen kommune har brote lova.

Bryggen uteservering Tall Ships Races

BROTE ALKOHOLLOVA: Den klare beskjeden frå Helseminister Bent Høie er at Bergen kommune har brote lova. I svaret skriv Høie at Fylkesmannen må behandle eventuelle klager som kjem inn på kommunen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Under seglskutearrangementet Tall Ships Races i Bergen, påla Bergen kommune uteserveringane å selje øl frå Hansa. Kommunen tok imot også seks kroner for kvar liter av ølet som blei seld under festivalen.

No stadfestar helseminister Bent Høie på generelt grunnlag at det Bergen kommune har gjort, ikkje er lov, skriv BT.no.

Under arrangementet tok også kommunen fyrst frå utestadane utearealet sitt, for så å leige det tilbake til dei til ein høgare pris. Å gjere dette er også eit lovbrot, skriv helseministeren.

Meiner kommunen har brote lova

Kjersti Toppe

IKKJE NØGD: – Det er alvorleg at kommunen har brote alkohollova. Eg er skuffa over svaret frå Helseministeren fordi han ikkje vil gjere seg noko.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

Det var Kjersti Toppe (Sp) i Helse- og omsorgskomiteen, som sende inn eit spørsmål til Høie, der ho bad om svar på om Bergen kommune har brote alkohollova.

– Eg registrerer at helseministeren er einig i det eg trudde: At Bergen kommune har brote alkohollova, og at dei ikkje kan gje skjenkeløyve på den måten dei har gjort, seier Toppe til NRK.

I sitt svar til Toppe skriv Høie:

«En kommune kan [..] ikke sette som vilkår for å få bevilling at kun en leverandør kan benyttes eller at kommunen skal ha økte inntekter utover det bevillingsgebyret som er fastsatt i alkoholforskriften.»

Den klare beskjeden frå helseministeren er at dette ikkje er lov:

  • Ein kommune kan ikkje sette som vilkår for å få skjenkebevilling at kun ein leverandør kan vert nytta.
  • Ein kommunen kan ikkje ha inntekter utover det bevillingsgebyret som er fastsatt i alkoholforskriften.
  • Ein kommune kan ikkje inndra ein skjenkebevilling for deretter å innvilge ein anna bevilling på det same arealet.

Ueinig i tolkinga av svaret frå Høie

Ragnhild Stolt-Nielsen

UEINIG: – Eg reagerer ganske sterkt på Topps måte å tolke helseministeren på. Han uttalar seg på generelt grunnlag, seier byrådsleiar i Bergen kommune Ragnhild Stolt-Nielsen.

Foto: Anders Ekanger

Byrådsleiar i Bergen Ragnhild Stolt-Nielsen (H) har lese svaret frå helseminister Bent Høie. Ho er ikkje einig i at svaret betyr at Bergen kommune har brote lova.

– Helseministeren seier han ikkje kan konkludere med kor vidt Bergen kommune har brote alkohollova fordi han ikkje kjenner saka godt nok. Det er ikkje rett at helseministeren seier at kommunen har brote alkohollova.

Nilsen har bedd kommuneadvokaten om å gå gjennom saka, og dei ventar no på ei vurdering frå han.

– Eg reagerer ganske sterkt på Toppes måte å tolke helseministeren på. Han uttalar seg på generelt grunnlag.

Toppe ber bystyret om å rydde opp

– Slik eg forstår det må det komme ei klage på kommunen for at Fylkesmannen eventuelt kan gripe inn. Men ein er avhengig av at nokon klagar, og det spørst det om nokon gjer, seier Toppe.

Ho er fortvila over at private næringsdrivande med skjenkeløyve blir straffa for å bryte lova, medan det ser ut som at Bergen kommune skal sleppe unna.

– Eg vil oppfordre bystyret i Bergen til å ta skikkeleg tak i saka.

Byrådsleiar Stolt-Nielsen vil ikkje vedgå lovbrot.

– Det er altfor tidleg å konkludere med at Bergen kommune har brote lova.

LES OGSÅ: Kommunen kan ha brutt alkohollova - Hordaland

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås