– Bergen tingrett har avgjort at han skal fengslast i fire nye veker med alle restriksjonar, det vil seie med brev- og besøksforbod, seier forsvarar Fredrik Verling til NRK.
Verken han eller den sikta stilte i retten. Fengslingsmøtet vart, som sist, avgjort som kontorforretning. Mannen frå Sør-Sudan må sitje i full isolasjon under heile fengslingsperioden.
«Alvorleg sjuk»
Det var 4. november at 30-åringen drap tre personar om bord på Valdresekspressen. Bussen var på veg frå Årdal til Oslo.
Bergensavisen skriv at Verling i romjula sendte ein epost til dommaren, der han ba om at den sikta skulle sleppe å møte i retten.
«NNs (siktedes navn) helse synes å ha forverret seg vesentlig den senere tid. Det er grunn til å anta at han er alvorlig syk» skriv Verling i eposten ifølgje BA.
Forsvararen forklarar til NRK at hans klient er i ein helsemessig vanskeleg situasjon.
– Det har gjort at han ikkje hadde moglegheit til å møte til fengslingsmøtet, seier Verling.
Framleis ikkje avhøyrt
Nær to månader etter drapa, har politiet ikkje fått gjort avhøyr av den sikta.
- LES OGSÅ: |
Per i dag er det framleis uaktuelt ifølgje Verling.
– Eg vil tru at politiet gjer nye forsøk på å få avklart om han vil eller kan forklare seg. Når det blir det veit eg ikkje, avsluttar Verling.