Hopp til innhold

For Samuel blei folkehøgskulen vendepunktet

Samuel Massie var skuletrøytt og lei då han fekk smaken på segling. Denne veka har han inspirert ungdomar i same situasjon til å finne sin måte å leve på.

Samuel Massie holder foredrag for ungdom

BESØKER SKULAR: Samuel Massie har skrive bok om seglasen med Berserk i 2011. Denne veka reiste han rundt på skular og heldt foredrag for elevar.

16 år gammal var Samuel Massie skuletrøytt, skulka, og hadde elendige karakterar. Så reiste han på folkehøgskule i Troms. Her endra alt seg.

Som 18-åring la han ut på det skjebnesvangre seglasen til Sørpolen med «Berserk». Samuel og Jarle Andhøy overlevde, men båten og dei tre andre om bord kom aldri heim.

Jarle Andhøy og Samuel Massie i Christchurch

OVERLEVDE: Her er Jarle Andhøy og Samuel Massie i Christchurch på New Zealand etter Berserk-forliset i 2011.

Foto: Anders Magnus

Samuel har skrive bok om ekspedisjonen. Sjølv om turen med «Berserk» enda i tragedie, har han noko viktig å fortelje: Alle kan finne noko som gjev dei kjensla av eit liv med meining.

Denne veka fortalde han om alt han har opplevd til ungdomar på vidaregåande skular i Hordaland.

  • Sjå video frå skulebesøket på Årstad øvst i saka

– Kan eg, så kan alle

– Er det nokon som har gidda å låne boka?

Berserk-skuta

FORSVANN: «Berserk» forsvann i Antarktis i 2011, med tre personar om bord.

Foto: Wildvikings.com

Samuel Massie er innom skulebiblioteket på Årstad vidaregåande skule. Her skulle han eigentleg sjølv ha gått, men karakterane til den skuleleie 16-åringen var for dårlege.

– Det er veldig rart. Sjølv var eg aldri innom biblioteket då eg gjekk på vidaregåande skule.

På folkehøgskule i Nord-Noreg fekk han endeleg til noko. Korleis det kjennest, vil han gjerne fortelje om til elevane på Årstad.

– Her trur eg det finst mange motivasjonslause unge menneske. Eg skal prøve å tenne ein liten gneiste i dei, seier han.

Det blei ein interessant skuletime for fleire av elevane.

– Det er interessant å høyre på alt han har opplevd. Kan han så kan vi, sa ein av elevane etter foredraget.

LES OGSÅ: Derfor ble Samuel Massie (19) med Jarle Andhøy tilbake til Antarktis

Samuel Massie var i ferd med å falle ut av samfunnet på Rothaugen ungdomsskole.

SJÅ VIDEO: Tida på ungdomsskole førte til skulking og eksperimentering med hasj for Samuel Massie. Til slutt var det nok.