NRK Meny
Normal

Altfor mange satsar på gardsturisme

I Noreg er tusen gardsbruk og naust opne for overnatting og servering. No fryktar reiselivsbransjen at uprofesjonelle aktørar skal skade omdømet til norsk turisme.

Driver gårdsturisme

SATSAR PÅ NY TYPE DRIFT: I Sigmundsstovo i Samnanger har Rita Taule starta serverings- og overnattingsstad der familien har drive gard sidan 1830-talet. Stadig fleire bønder vel å satse på reiseliv, og no åtvarar næringa mot at for mange slike aktørar kan svekke omdømet.

Om lag 1000 norske gardar, naust og liknande har fått ein ny funksjon. Under omgrep som "gardsturisme" vel stadig fleire bønder å ta sjansen på at det er pengar i å satse på turistar framfor gardsdrift.

Gårdsturisme

ER OPTIMIST: Overgangen frå bonde til hotelleigar er stor, men Rita Taule trivst med sin nye kvardag. Mange bønder satsar på gardsturisme, noko som uroar den etablerte reiselivsnæringa.

Foto: Ketil Jordan

I Samnanger er Rita Taule, som driv Sigmundstovo, ei av dei som har gjort nettopp det.

–Det å gå frå å vera bonde til å bli hotelleigar, det er jo litt av eit skritt. Det er jo ikkje gitt at det skal gå bra, for å seie det slik.

Næringa åtvarar

Gardsturisme er ei form for turisme som er i vekst. Det vil stadig fleire bønder vera med på.

Men Christian Jørgensen, dagleg leiar i Fjord Norge, trur at mange bønder ikkje veit kva dei går til.

–Køyr dei gjennom eit grundig kurs, så trur eg mange vil forstå at dette ikkje er noko for dei. Andre vil seie: Dette har eg lyst til å drive med, hundre prosent av tida. For det er det som skal til.

Kan gå ut over omdømet

Både han og resten av den etablerte næringa fryktar at for mange uvørdne aktørar skal gå ut over Noregs namn og rykte som reisemål.

–Alle som ikkje leverer eit godt nok produkt, ei god nok oppleving, i eit høgkostland som Noreg, vil til sjuande og sist vera med å trekkje ned Noreg sitt omdøme som turistmål.

Gårdsturisme

IDYLLISK: De er gardsbruk som dette som skal lokke turistar ut i den norske bondeheimen. Om lag 1000 bruk, naust og liknande over heile landet blir no brukt som hotell- eller serveringsstader.

Foto: Ketil Jordan

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.