Hopp til innhold

Ekstrapengar til barnevernet strekkjer ikkje til

Norske kommunar ønskjer fleire tilsette i barnevernet, men får ikkje nok pengar frå staten. – Dette er kommunane sitt eige ansvar, meiner Regjeringa.

Bamse på stol

ØNSKJER FLEIRE STILLINGAR: Norske kommunar får langt fleire stillingar til barnevernet, enn det ein søkjer om. – Dette går utover dei svakaste barne, meiner byråden for Helse og omsorg i Bergen, Hilde Onarheim.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Kommunane får langt færre stillingar til barnevernet enn dei søkjer om. Det viser ein ringerunde NRK har gjort til dei 19 fylkesmennene.

Video Fungerende byrådsleder i Bergen Hilde Onarheim

SKUFFA: Byråd for helse og omsorg i Bergen Hilde Onarheim frå Høgre, meiner Regjeringa underfinansierer barnevernet.

Foto: Nyhetsspiller

Øyvind Håbrekke

UNDERPRIORITERT: Øyvind Håbrekke frå KrF er kritisk til at talet på nye stillingar ikkje samsvarar betre med behovet i kommunane.

Foto: NRK

Oversikta viser at kommunane har søkt om langt fleire stillingar enn det er pengar til. Totalt vart det søkt om nesten dobbelt så mange stillingar som det kommunane fekk.

– Me er skuffa

Byrådet i Bergen søkte om å få 16 nye stillingar til kommunen. Dei fekk berre 10 av desse. Helse- og omsorgsbyråden i byen meiner dette går utover barna.

– Me er skuffa over at me ikkje fekk desse stillingane. Ut ifrå folketalet og omfanget av saker burde me fått dei stillingane me søkte på, seier byråd for helse og omsorg Hilde Onarheim frå Høgre.

Øyvind Håbrekke som er familiepolitisk talsmann i Kristeleg folkeparti, meiner tala tyder på at Regjeringa i for liten grad prioriterer stillingar til barnevernet.

– Det har jo komme tal som viser at veldig mange kommunar bryt lova, fordi dei ikkje greier å halda fristane. Det er alvorleg for dei aller mest sårbare ungane me har, seier.

Slik samsvarar talet på nye stillingar med kva kommunarne i dei ulike fylkene har søkt om:

Tildelte barnevernsstillingar i kommunane

Fylke

Søkt om (stillingar)

Tildelt (Stillingar)

Akershus

56,2

21,9

Oslo

36,2

36,2

Østfold

28,1

15,5

Hordaland

51,2

25,9

Hedmark

22

9,9

Rogaland

45,5

23,9

Oppland

18,6

9

Buskerud

23,2

13,9

Telemark

15,4

9,1

Aust-Agder

17,4

6

Vest-Agder

18

9,2

Sogn og Fjordane

13,3

5

Møre og Romsdal

29,5

12,9

Nordland

29,2

13,3

Nord-Trøndelag

16,5

8

Sør-Trøndelag

21,6

15,4

Troms

13,9

8,6

Vestfold

22

12,9

Finnmark

8,5

4,5

Ekspander/minimer faktaboks

Kjetil Andreas Ostling

KOMMUNALT ANSVAR: Statssekretær Kjetil Andrea Ostling frå SV meiner det er kommunane som ikkje tar ansvaret sitt.

Foto: BLD

– Kommunalt barnevern er kommunalt ansvar

Regjeringa meiner det er kommunane som må ta hovudansvaret for at det kommunale barnevernet er underbemanna.

– Dei må ha dei stillingane som dei har funne ut at dei treng. I alle fall dei stillingane som dei ulike kommunestyra sjølv har lagt til grunn at dei treng, seier statssekretær Kjetil Andreas Ostling i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet frå SV.

Han meiner det vert feil å skulda på Regjeringa, og at det er kommunane som i større grad må finna plass til nye barnevernsstillingar budsjetta.

– Det er kommunane som har ansvar for det kommunale barnevernet. At staten øyremerkjer tilleggsmidlar, er eit signal om at kommunane ikkje prioriterer dette i stor nok grad, seier statssekretæren.