Hopp til innhold

For lite plass for Hamnesjefen?

Fredag fekk Os kommune brev frå Miljødirektoratet som må godkjenna ei eventuell flytting av Hamnesjefen. Direktoratet vil ha meir info før dei tar stilling til flytting til Tysnes, og skriv blant anna at knoppsvaner er store fuglar som krev store vass- og landareal. Innhengninga på 1,4 mål kan derfor vera for liten. – Me har bedd om at dette blir behandla raskt. Dei forstår at dette er noko som må bli avklart fort, seier ordførar på Os, Marie Bruarøy.

Havnesjefen i Os
Foto: Jan Petter Svendal