Hopp til innhold

Norske forskarar med historiske funn om verdas største tunfisk-art: – Det er heilt vilt å sjå

Slik ser vandringsruta til ein av havets raskaste fiskar ut – på berre éin månad. Forskarane jublar, trass i at tunfisken mista merkinga.

Makrellstørja si ferd i løpet av 33 dagar

VANDRA: Slik ser vandringsruta til makrellstørja ut etter berre 33 dagar. Den grøne streken gjennom dei farga område er den mest sannsynlege vandringsruta. Oransje og raude område viser feilmarginen.

Foto: Havforskingsinstituttet

– Det er heilt vilt å sjå kor mykje denne fisken svømmer. Den blir kalla «Formel 1»-fisken. Her ser vi grunnen til det, konstaterer forskar Keno Ferter.

For første gong i Noreg blei makrellstørjer i haust elektronisk merkte utanfor kysten av Hordaland. Ferter er prosjektleiar.

33 dagar etter merkinga fall databrikka av den eine størja – heile 120 mil frå merkingsstaden.

Det svarar til ein svømmedistanse på ein knapp maraton i snitt kvar av dei 33 dagane.

Men kartet Havforskingsinstituttet har laga basert på data, viser at fisken har svømt mykje fram og attende. Så distansen den har unnagjort kan vera minst dobbelt så lang.

– Dette er ei formidabel vandring på så kort tid, konstaterer sportsfiskar Espen Hamborg, som deltok i merkinga.

HISTORISK: Her merker havforskarane makrellstørja med ein elektronisk satellittsendar.

Berre resultat frå éin fisk

Målet med prosjektet er å kartlegga korleis verdas største tunfisk bevegar seg på det som er makrellstørja sin nordlegaste front.

Planen var å fanga og merka 20 størjer, men berre to eksemplar blei merka. Og den første blei funnen død kort tid etter.

Håpet var dessutan at brikka skulle losna frå fisken først etter eit år, noko som ville gitt forskarane langt større datamateriale. Men Ferter tilbakeviser at prosjektet blei ein nedtur.

– Vi har for første gong fått uvurderleg førstehandskunnskap om vandringa og åtferda til ein av dei aller nordlegaste kjempefiskane, seier forskaren.

Makrellstørje i oppdrettsnota - K. Strømmen Lakseoppdrett Bremanger

STØRJE: Makrellstørja kan få ein toppfart på 70 km/t og kryssa Atlanterhavet på 50 dagar. – Den blir kalla havets Formel 1-fisk, seier forskar Keno Ferten.

Foto: K. Strømmen Lakseoppdrett AS

– Enorme vandringar

Det var i oktober at signal frå den elektroniske brikka frå størja blei plukka opp nordvest for Irland.

Kartet frå Havforskingsinstituttet, som du kan sjå øvst i saka, er basert på ein modell der lys, temperatur og djupne er registrert og lagd inn.

– Ut frå det kan vi plotta ei sannsynleg rute. Men det er ikkje reelle koordinatar, understrekar Ferter.

Han kan likevel fastslå at den 2,4 meter lange makrellstørja har lagt bak seg store avstandar.

– Fisken har gjennomført enorme vandringar, både horisontalt og vertikalt i havet, seier han.

Dataa viser at fisken har svømt gjennom temperaturar frå 17,2 grader og heilt ned til 3,5 grader, og gått frå luftige sprang til dykk på 487 meter.

Forsker Keno Ferter

VIKTIGE DATASETT: Forskar Keno Ferter hjå Havforskingsinstituttet understrekar at dei 33 dagane har vore svært viktige for forskinga.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Skal forska vidare

Makrellstørja kan svømma opp mot 70 kilometer i timen, og kryssa Atlanterhavet på 50 dagar.

Sportsfiskar Hamborg har fiska makrellstørje i utlandet i ei årrekkje. Han håpar dokumentasjon av arten i norske farvatn kan bidra til å oppheva fiskeforbodet (ekstern lenke) her til lands.

– Størja er ein del av norsk fiskehistorie og ein art det blei drive rikt fiske på tidlegare, seier han.

Havforskingsinstituttet planlegg ei ny runde med merking neste år.

Andre makrellstørje merkt av Havforskningsinstituttet

ELEKTRONISK BRIKKE: Makrellstørja vart merka av Havforskingsinstituttet i haust.

Foto: Robert Martinsen / HAVFORSKNINGSINSTITUTTET