Isabel (15) miste heimen for andre gong på tre år

SOLHEIM (NRK): For tre år sidan måtte ho rømma ut midt på natta då huset i Bergen sto i brann. I natt brende same huset ned til grunnen.

Isabel Thorstensen Enehaug foran branntomta i Bergen

OPPLEVDE BRANN IGJEN: For andre gong på tre år opplevde Isabel Thorstensen Enehaug at barndomsheimen sto i brann.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Det var veldig skummelt og det var som om å oppleva brannen for tre år sidan på nytt.

Isabel Thorstensen Enehaug står utanfor det nedbrende huset i Bøhmergaten i Bergen. Her budde ho frå ho vart fødd og til ho var 12 år.

Til NRK fortel ho at det om to månadar er tre år sidan sist det brende i huset til familien hennar. Den natta låg ho og sov på rommet sitt då det byrja å brenna.

– Mamma vekte meg og sa det brann. Eg forstod ikkje kva som skjedde før eg såg all røyken utanfor. Det var mykje brannvesen, sjukebilar og politi utanfor. Då byrja eg å grina, fortel 15-åringen.

Brann i Bøhmergaten i Bergen natt til 4.juni

FRYKTA SPREIING: Brannvesenet jobba iherdig med å hindre at brannen spreidde seg til husa berre meter unna.

Foto: Jan-Einar Seim

Skulle byggja opp att barndomsheimen

Den gongen var brannårsaka tørrkoking. Alle berga seg ut, og no skulle familien byggja opp att huset.

Men det vert ikkje heilt som planlagt. Like etter klokka 03.00 fekk brannvesenet i Bergen fleire meldingar om brannen i Bøhmergaten. Då dei kom fram vart dei møtt av opne flammar og eit veldig gneisteregn.

Førre gongen det brann, miste Isabel (15) det meste av tinga sine, men fekk redda kaninen.

15-åringen tykkjer det er veldig trist at ho no ikkje får budd i huset slik det var.

– Og viss eg får barn sjølv, så får eg ikkje vist dei barndomsheimen slik han var då eg vaks opp.

Systrene Isabel og Susanne framfor branntomta der dei vaks opp

BRANNTOMT: Systrene Susanne og Isabel Thorstensen Enehaug framfor det som var barndomsheimen deira i Bøhmergaten i Bergen. Isabel (15) seier ho synest mest synd på alle naboane som måtte evakuera, men rosar brannvesenet for at dei greidde å hindra brannen i å spreia seg.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Ut, det brenn!

Denne gongen var det ingen i huset, men spreiingsfaren var stor til trehusa som står tett i tett på staden. Ein av dei 100 personane som vart evakuert i natt var Knut Solstad, som bur i eitt av nabohusa.

– Svogeren min vekte meg. Han ropte: Ut! Det brenn!

Han fortel at dei tidleg såg at brannvesenet hadde kontroll, og at dei var mest redde for vass- og røykskadar.

Tom Helland var næraste naboen til huset som sto i brann i natt. Han vart varsla av ein annan nabo som sprang rundt å vekte heile nabolaget.

– Heldigvis bles det vekk ifrå huset vårt, men alle glasrutene på denne sida sprakk, så det er klart me var redde for huset vårt, fortel Helland.

Brann i Bøhmergaten i Bergen 4.juni

SLØKKEARBEID: Sløkkearbeidet gjekk føre seg i fleire timar utover morgonkvisten.

Foto: Bergen Brannvesen

Rosar brannmannskapa

Når brannsjef Leif Linde får sjå brannskadane på nært hald, rosar han jobben til brannmannskapa sine.

– Her har det vore gjort ein fantastisk jobb. Det er eit stor hus som er brunne ned til grunnen, men det er knapt eit merke på nabohusa som ligg få meter unna.

Brannvesenet i Bergen har god erfaring på å sløkkja brannar der trehusa står tett i tett.

Brannsjefen seier at politikarane i Bergen har synt ansvar og løyvt pengar slik at brannvesenet har rett utstyr å jobba med.