– Dette drøymer dei framleis om. Små einebustadar med saltak og tradisjonell arkitektur.
Draumen lever framleis for mange. Hjå Florvaag Hus i Bergen ser Kathrine Quam-Ledzbor at mange helst ser framtida si i kvitmåla einebustad med plen, garasje og boltreplass.
– Gjerne i nærkommunane Askøy, Meland, Sotra og Os, seier Quam-Ledzbor.
- LES OGSÅ:
Treng 30.000 bustadar
Men ekspertane meiner det er stor sjanse for at dei planane må endrast.
– Eg trur at om eg skulle sjå meg om etter hage og villa, så burde eg nok byrja å gjere det snart, seier demograf og spesialrådgjevar Stian Skår Ludvigsen i Hordaland fylkeskommune.
Om ein skal bu som i dag, vil folkeveksten i Hordaland krevje over 30.000 nye einebustadar dei nesten 16 åra. Det viser ei analyse av bustadbehovet i Hordaland.
Må bu tettare
I rapporten vert det slått fast at det er behov for 33 500 nye einebustader, 16 000 nye småhus og 17 000 bueiningar i bustadblokker eller bufellesskap.
– 1900 nye einebustadar kvart år framover går ikkje. Hordalendingane må venne seg til å bu tettare i framtida om vi får ein så høg folkevekst som våre prognosar seier, heiter det i rapporten.
- LES OGSÅ:
– Vi kan ikkje bu like spreidd og i like store bustadar som i dag, slår Skår Ludvigsen fast.
I landstoppen
Sidan tusenårsskiftet er Bergen den kommunen i landet der det er bygd flest einebustadar. Nabokommunane Fjell, Askøy og Os er også på den nasjonale topp 20-lista.
Tendensen for Bergen har dei siste åra flata ut.
– Kan ikkje drøyme lenger
Bård Sandal er direktør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommunen.
– Vår klare anbefaling er at det ikkje er berekraftig verken for fylket vårt eller kommunane.
Han meiner utviklinga krev langt tettare utbygging og er ikkje i tvil om at nye takter må til.
– Det å tenke at den einebustaden skal ligge sentralt i eit kommunesenter rundt Bergen; den draumen kan ein ikkje drøyme lenger. Då må ein flytte lenger ut, seier Sandal.
Hjå Florvaag Hus er dei i ferd med å møta den nye kvardagen. Område som tidlegare var tenkt til einebustader vert endra.
– Denne reguleringsplanen inneheld 400–500 hus. Då må ein tenke litt meir i høgda og leilegheiter, peikar og forklarar Kristine Qvam-Ledzbor.
– Og så må vi lage gode uteareal som ein delar på.