Hopp til innhold

Fleire utmelde hittil i år enn i heile 2013

5545 personar har meldt seg ut av Den norske kyrkja i år. Det er meir enn i heile fjor. Dei fleste utmeldingane har komme etter at Kyrkjemøtet vedtok å seie nei til å vie homofile.

KIRKEMØTET HOMOFILI

KYRKJEMØTE SA NEI TIL Å VIE HOMOFILE: Etter Kyrkjemøtet i april er det no fleire som har meldt seg ut av Den norske kyrkja i år, enn i heile 2013.

Foto: Falch, Knut / NTB scanpix

Halvor Nordhaug

– TRIST MED UTMELDINGANE: Biskop i Bjørgvin Bispedøme, Halvor Nordhaug.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

5545 personar har valt å forlate Den norske kyrkja hittil i år. Det er fleire enn i heile 2013.

4246 av dei har valt å gjere det etter Kyrkjemøtet i april der forslaget om å vie homofile i kyrkja blei nedstemt.

– For ein som er biskop er dette trist. Eg ønskjer at folk skal oppleve det som meiningsfullt å vere med i kyrkja, seier biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug.

Han meiner det er liten tvil om at utmeldingane skuldast vedtaket på Kyrkjemøtet.

– Men uansett kva resultatet her hadde blitt, så ville mange vore misfornøgde på den eine eller den andre måten. Mange har sagt til meg at dei vil melde seg ut dersom homofile får lov til å gifte seg i kyrkja.

– Dette er meir enn det som ville vore normalt

Edvin Stenhjem Bratli

TALET PÅ UTMELDINGAR ER UNORMALT HØGT: Det seier administrasjonssjef i Bergen kirkelige fellesråd Edvin Stenhjem Bratli.

Foto: Liv Bente Nilsen

I Bergen og Oslo har 1340 personar meldt seg ut av Den norske kyrkja så langt i år. Talet på utmeldingar i dei to byane i heile fjor var på 1329. Det skreiv avisa Dagen i dag, tysdag.

Administrasjonssjef i Bergen kirkelege fellesråd, Edvin Stenhjem Bratli, seier talet er langt høgare enn det som ville vore normalt.

– Det går unna no. Slik me tolkar det er det knyta til kyrkjemøtevedtaket, fordi talet er unormalt høgt.

Han dreg parallellar til andre saker som har skapa stort engasjement dei siste åra.

– For nokre år sidan var det strid om kvinnelege prestar, om nokre år er det heilt andre ting. Men vil ein vere med å forandre er det lurt å vere medlem. På den måten kan ein jo påverke nye vedtak.

LES OGSÅ: Mange melder seg ut av kyrkja - Hordaland

– Kyrkja kan ikkje la seg skremme

Biskop Halvor Nordhaug seier det er vanskeleg å svare på om kyrkja etter kvart kjem til å endre standpunkt i saka som no forårsakar utmeldingar landet rundt.

– Kyrkja har vore gjennom ei stor utvikling. Det er vanskeleg å seie om denne utviklinga vil halde fram heilt fram til ein aksepterer likekjønna ekteskap Kyrkjemøtet må uansett styre etter det dei meiner er rett og ikkje la seg skremme av utmeldingar eller aksjonar.

– Det er urovekkande at me har denne diskusjonen og at folk blir frustrerte og melder seg ut. Men denne diskusjonen kjem me ikkje utanom. Den er på mange måtar vår tids nøtt, som me må knekke på ein eller anna måte.

LES OGSÅ: Meldte seg ut av kirken i protest - NRK – Norge