Hopp til innhold

Folkefest og blodslit for over 7300

Strålande sol og ny deltakarrekord sette ei praktfull ramme rundt Knarvikmila. Totalt deltok over 7300 på folkefesten.

Knarvikmila

Nokon gav alt dei hadde, andre jogga, medan nokon gjekk hand i hand. Knarvikmila vart òg i år ein dundrande suksess.

Etter at ungdomsløp, minimil, halvmaraton, naturløypa og dei tradisjonelle løpa over 5 og 10 kilometer var gjennomført hadde over 7300 løyst startkontigent.

Helge Brekke

PRIMUS MOTOR: Helge Brekke.

Foto: Ketil Jordan / NRK

- Det er klart at dette er kjekt, me hadde nokon år det stagnerte på 5 og 10 kilometeren, men no har me stigning igjen og det lovar veldig godt, seier primus motor for Knarvikmila, Helge Brekke.

Knarvikmila-generalen har vore med sidan starten og kunne konkludera med at den 28. utgåva av mosjonsfesten vart ein av dei mest vellukka.

- Me som bur i Knarvik og i distriktet, Seim og Alversund, kan vera stolte over at me har fått til dette. Utan alle dei frivillige som stiller opp hadde ikkje dette vore mogeleg, seier Brekke.

(Meir under biletet)

Knarvikmila

NY DELTAKARREKORD: Over 7300 på startstreken i dei ulike løpa i Knarvikmila.

- Flaggskipet vårt


Når Knarvikbygda inviterer til den årlege milfesten må alle vera med. Til og med ordførar Astrid Aarhus Byrknes var ein av dei mange som bidrog med frivillig arbeid.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes

STOLT ORDFØRAR: Astrid Aarhus Byrknes, Krf.

Foto: Ketil Jordan / NRK

- Det betyr utruleg mykje. Dette er jo på mange måte flaggskipet vårt i Lindås kommune og dei som jobbar med dette er så dyktige seier Krf-ordføraren i Lindås.

- Fantastisk arrangement


Medan etiopiske Girma Assefa gjekk sigrande ut av mennene sin 10 kilometer, var det ikkje overraskande Kirsten Melkevik Otterbu som sprang raskast av damene.

BFG-Fana-løparen har ikkje sprunge 10 kilometer på asfalt på to år, men Knarvikmila må ho ha med seg.

- Knarvikmila er jo eit av dei største arrangementa i Norge no, Organiseringa og alt er ekstremt bra. Dei frivillige gjer ein strålande jobb, seier Melkevik Otterbu.

Kirsten Melkevik Otterbu

RASKASTE KVINNE: Kirsten Melkevik Otterbu vann 10 kilometern for kvinner.

Foto: Ketil Jordan / NRK