Klokka 11.30 vert Folkedalstunnelen i Granvin offisielt opna. Den er 1370 meter lang og går mellom Folkedal og Ytrabøneset. Den erstattar den rasfarlege strekninga forbi Haukanesberget.
Fylkesveg 7 blir også nytta som omkøyringsveg når E16 mellom Bergen og Voss er stengt.
– Ei letting at tunnelen endeleg står ferdig. Med dei store nedbørsmengdene som har vore dei siste dagane hadde det vore kjekt å fått opna tunnelen før det kom eit nytt ras på gamlevegen, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Frode Lykkebø.
Strekninga er særleg mykje brukt av folk som pendlar mellom Folkedal og Granvin. Tunnelen er også opna for syklande og gåande, slik at dei slepp å bruka den rasutsette gamlevegen.