NRK Meny
Normal

Mastene skremmer ikkje turistane

Turistnæringa frykta folk ville slutte å reise til Hardanger på grunn av «monstermastene». Men så langt har ikkje kraftmastene skremt vekk nokon.

Kraftmaster i Hardanger

INN I POSTKORTMOTIVET: Bygginga av nye kraftlinjer gjennom Hardanger har pågått sidan oktober 2010.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Tal frå reiselivsnæringa viser at konsekvensane av kraftutbygginga har gått mykje betre enn frykta.

At turistane skulle miste lysten på å reise til Hardanger etter at master og leidningar ville dukke opp i fjordar og fjell, var ein av grunnane til dei store protestane mot utbygginga.

  • Trur du på nokon langsiktig monstermasteffekt? Sei di meining!

Reiser til Hardanger som før

Men etter nesten to år med mastebygging kjem norske turistar til Hardanger som før.

– Når vi ser på totaltala, ser vi ingen effekt av mastene, seier reiselivsdirektør Hans Jørgen Andersen i Hardanger, som tek eit lite atterhald om at offisielle besøkstal enno ikkje er klare.

Grupperingane Bevar Hardanger og Hardangeraksjonen har heilt sidan anleggsstart aksjonert på Statnett sine byggeplassar mellom Sima og Samnanger. Ein av dei fremste støttespelarane til aksjonsgruppa er Den Norske Turistforening, som har vore svært skeptisk til å trekkje luftspenn over Hardangerfjorden.

Turistar i Hardanger

KJEM FRAMLEIS: Hytteturistar på plass i Hardanger. I bakgrunnen kan ein så vidt skimta kraftmastene i fjellsida.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Bryr meg ikkje om mastene

Dagfinn Hauge er ein av dei som har valt å leggje sommarferien til Hardanger. Ovanfor campingplassen han bur på, strekk kraftlinjene seg langs grøne dalsider - utan at det plagar turisten frå Austlandet.

– For meg har det ikkje hatt nokon betydning at dei er her. Absolutt ikkje, seier Hauge.

Hardanger har fleire attraksjonar, men det er ingen tvil: Det er først og fremst naturen som trekk folk til kommunane langs Hardangerfjorden.

Hans Jørgen Andersen

INGEN MONSTEREFFEKT: Reiselivsdirektør Hans Jørgen Andersen får framleis mykje besøk.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK
Dagfinn Hauge

BRYR SEG IKKJE: Hytteturist Dagfinn Hauge meiner mastene berre er ein liten bagatell i kulturlandskapet i Hardanger.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Sjølv om ein så langt ikkje har opplevd noko nedgang, meiner turistsjefen at det er for tidleg å slå fast at mastene ikkje vil ha nokon effekt.

– Det vil ta mange år før vi får oversikt over kva for nokre konsekvensar ei slik utbygging betyr, seier Andersen.

Ikkje noko tema for tilreisande

Reiselivssjefen er likevel optimist. For det ser ikkje ut til at turistane bryr seg om stålkonstruksjonane som no pregar postkortmotiva.

– Tilbakemeldingane til meg er at det ikkje er noko stort tema for turistane som kjem hit, seier Andersen.

Dagfinn Hauge trur heller ikkje ein vil få noko monstermasteffekt i framtida.

– Viss nokre kraftmastar skal ha noko betydning for turismen, så har Noreg alt for lite å by på elles. Det trur eg ikkje, for det er så mykje anna å oppleva. Mastene og leidningane er mikroskopiske, seier han.

  • Trur du på nokon langsiktig monstermasteffekt? Sei di meining!

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.