NRK Meny
Normal

Her må dei gå over fjellet for å kome seg på jobb

Tokagjelet blir stengt i 6 til 8 veker på grunn av sikringsarbeid. Det meiner folk i Kvam er alt for lenge, og seier det får enorme konsekvensar for både næringslivet og pendlarane.

– Det her får enorme konsekvensar for heile samfunnet. Vi tapar pengar, og det er generelt ein veldig trist situasjon, seier Terje Neteland, dagleg leiar i Neteland Bygg og Betong i Norheimsund, til NRK.

Hovudvegen mellom Hardanger og Bergen over fylkesveg 7 vart råka av eit enormt ras, sundag for ei veke sidan. Ei stor blokk rasa ut ved munninga av Snauhaugtunnelen i Tokagjelet.

I går var det ekstraordinært formannskapsmøte i Kvam. Dei om lag 60 personane som møtte fram fekk orientering frå Statens vegvesen som kunne fortelja at arbeidet med å rydde og sikre vegen kjem til å ta lengre tid ein først rekna med.

Fryktar permittering

Neteland, er ein av mange i Kvam som fryktar konsekvensane av månadar med stengt veg.

– Det er ein vanskeleg situasjon. Det blir mellom anna mykje dyrare for dei tilsette å kome seg til og frå jobb no, seier Neteland oppgitt.
Han fortel at han er usikker på om han vil halde produksjonen gåande dersom vegen ikkje opnar att.

– Omsetninga vår er ikkje så høg i utgangspunktet, så eg veit ikkje kor lenge vi kan halde fram slik. No må vi vurdere om vi skal stogge produksjonen og permittere dei tilsette, seier Neteland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

TERJE-NETELAND-240913-W

Må over fjellet for å kome seg på jobb

Etter at vegen vart stengt tek det mykje lenger tid for dei tilsette å kome seg på jobb, fortel Neteland. Den einaste løysinga for hyttearbeidarane å kome seg over fjellet er til fots. Arbeidarane køyrer ein gamal stølsveg frå Steinsdalen til Nyasete. Der parkerer dei bilane og går resten av vegen.

– Dei må rett og slett gå over fjellet til fots. Turen over tek nesten ein halv time. Det er særs lite triveleg når det regnar, seier Neteland.

Han fortel at han har måtte legge om heile arbeidstida for dei tilsette. Vanleg arbeidstid er frå klokka 08-16, no jobbar dei tilsette 12-timars dagar, fire dagar i veka.

– Det er ein uheldig situasjon. Det er jo keisamt for dei tilsette, men dei er ved godt mot. Kva anna skal dei gjere, seier Neteland.

Kostar dyrt

Det er fleire som har fått ekstra lange dagar etter at vegen vart stengd. Bakar, Ernst Ulevik fortel om ei vanskeleg drift for bakeriet.

Også for han blir det ekstrakostnadar å klare å halde oppe produksjonen på bakeriet.

– Hittil har klart vi klart å levere varene, men det er store ekstrakostnadar, og mykje ekstra arbeid. Dei tilsette jobbar lange dagar med overtid nesten kvar einaste dag, fortel Ulevik.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Stenginga skapar ekstra utfordringar for bakar Ernst Ulevik.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2