NRK Meny
Normal

Brann kjempa seg til uavgjort mot Sogndal

Raudtrøyene spelte med kun ti mann i ein time borte mot Sogndal. Slik var knokkelkampen.

Bismar Acosta får rødt kort mot Sogndal

Bismar Acosta får det raude kortet etter ein knapp halvtime mot Sogndal.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Før kampen

Brann slo Sogndal komfortabelt 2–0 på eige gras i vår, men på Fosshaugane har raudtrøyene hatt det langt vanskelegare dei siste åra.

Brann klarte 0–0 på Fosshaugane i fjor, men ein må faktisk tilbake til 2002 for å finne førre bortesiger for Brann i Sogndal.

På femten kampar i Sogndal har saftkokarane vunne elleve av dei.

Gjorde tre endringar i ellevaren

Både Fredrik Haugen og Kristoffer Barmen har plukka opp fem gule kort, og måtte stå over kampen. For Sogndal var det få endringar i troppen før kampen.

Raudtrøyene har imponert med klokt og oppofrande spel heile sesongen, og Lars Arne Nilsen sine menn kunne ta eit stort steg nærmare medalje med bortesiger i kveld.

Sogndal ligg trygt på niandeplass på tabellen.

Brann starta med dette laget mot Sogndal:

Leciejewski – Nouri, Acosta, Demidov, Kristiansen – Braaten, Heltne Nilsen, Skaanes – Vega, Orlov, Rolantsson.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video

Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.