NRK Meny
Normal

Følg Rosenborg-Brann direkte

Frå klokka 20 kan du få med deg søndagens storoppgjer direkte på NRK P1.

Rosenborg - Brann

RIVALAR: Søndag klokka 20 møter Rosenborg Brann på Lerkendal. Biletet er førre gong dei to laga møttest på same stadion, i april 2016.

Søndag kveld tek Rosenborg i mot Brann på Lerkendal stadion til den 7. serierunden i Eliteserien.

Avspark er klokka 20, og kampen kan høyrast direkte på NRK Hordaland.

Laster innhold, vennligst vent..

Statistikk i Rosenborg sin favør

Førre gong dei to laga møttest på Lerkendal var i april i fjor, då Rosenborg vann 3–0. Ikkje sidan 2011 har Brann slått RBK på trønderane si heimebane.

Statistisk sett ligg Rosenborg godt an før søndagens kamp: Brann har tapt 28 gongar på Lerkendal, elleve kampar har enda uavgjort og åtte gongar har Brann vunne.

Dei førre fem oppgjera mellom Brann og RBK på Lerkendal enda slik:

2016: Rosenborg – Brann 3–0
2014: Rosenborg – Brann 5–2
2013: Rosenborg – Brann 4–0
2012: Rosenborg – Brann 3–1
2011: Rosenborg – Brann 3–6

Brann - Rosenborg

I FJOR: Rosenborg vann 3–0 over Brann på Lerkendal i fjor.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Jevtovic og Heltne Nilsen ute

Rosenborgspelar Milan Jevtovic må stå over møtet med Brann etter at han fekk direkte raudt kort i kampen mot Sarpsborg 08. Det same må Brann sin Sivert Heltne Nilsen, som fekk sitt tredje gule kort denne sesongen i kampen mot Viking.

Rosenborg-vingen Pål André Helland gjekk ut med krampe i bortekampen mot Sarpsborg 08 på måndag, men er no klar til kamp igjen.

Ein siger til Rosenborg søndag kveld vil gi åtte poeng mellom Brann og Rosenborg. Skulle Brann stikke av med sigeren, er det berre snakk om to poeng opp til RBK igjen.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo