NRK Meny
Normal

Tap for Nest-Sotra

Ørjan Hopen sende bortelaget i leiinga etter 17 minuttar, men Tromsø snudde kampen på overtid av første omgang.

Ørjan Hopen
Foto: Astrid M. Nordhaug / Astrid M. Nordhaug/Digitalsport.no

Nest-Sotra tok måndag kveld den lange turen nordover til Tromsø, for å møta laget som for tida ligg på 2. plass i 1. divisjon. Leigesoldat frå Sogndal, Ørjan Hopen sende bortelaget i leiinga alt etter 17 minutt etter ein giganttabbe av Tromsø sin målvakt.

Leiinga heldt ikkje ut første omgang. På overtid snudde Tromsø kampen med to kjappe mål frå Thomas Drage og Zdeněk Ondrášek.

Reduserte til inga nytte

Det tok ikkje lang tid før topplaget auka leiinga. Remi Johansen auka til 3–1 på eit hjørnespark etter 50 minutt, før Simen Næss reduserte for Nest-Sotra etter 72 minutt.

Fire minutt på overtid fastsette Zdeněk Ondrášek sluttresultatet til 4–2. Nest-Sotra blir dermed liggande på åttande plass i 1. divisjon med 27 poeng.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen