Hopp til innhold

Følg feiringa i Bergen på NRK1

I dag kan du sjå direkterapportar frå feiringa av nasjonaldagen frå Bergen på tv – men vi vil og sjå korleis du feirar 17.mai i resten av fylket.

Mariann og Alrik

SENDER FRÅ BERGEN: Reporter Mariann Reikerås og fotograf Alrik Velsvik lagar innslag frå 17. mai-feiringa i Bergen.

Foto: NRK

NRK Hordaland er på plass med tv-team i Bergen som sender direkte i den tradisjonsrike "Gratulerer med dagen!"-sendinga på NRK1 i dag.

Reporter Mariann Reikerås og fotograf Alrik Velsvik skal ta oss med rundt omkring i Bergen og visa livet i sentrum på nasjonaldagen.

– Eg håpar alle er med på å feira dagen og skapa god stemning, som vi kan formidla vidare til tv-tittarane, seier Reikerås.

Heile fylket

NRK Hordaland skal i år filma frå Bergen, men ønskjer likevel at alle i heile Hordaland skal vera med å bidra med 17. mai stemning frå der dei feirar.

– Vi skulle gjerne vore i heile Hordaland, men det kan vi ikkje. Likevel ønskjer vi at folk er med å bidra med bilete og video så vi kan sjå korleis det er rundt omkring i heile fylket. Det er jo viktig at vi får visa fram det vakre fylket vårt på nasjonalt fjernsyn på denne dagen.

– Så no er vi klar for eit Hordalandskupp?

– Ja, det er i alle fall min plan. Så eg håpar no at alle sender inn bilete på Instagram med emneknagg #nrk17mai og/eller #nrkhordaland. Her er det berre å starta så tidleg som mogeleg å leggja inn bilete, seier Reikerås.

Ønskjer vinke-video

I år er det ikkje berre bilete som vert ønskja, men og små vinke-videoar.

– No skal folket og ikkje berre kongen få vinka til Noreg. Så send inn ein liten snutt der dykk vinkar, oppmodar Reikerås.

Du kan senda inn dine bilete ved å merka dei med #nrk17mai og/eller #NRK Hordaland på sosiale medium. Slår du på stadsopplysning på telefonen din i tillegg, så kjem biletet med på kartet vårt. Har du ikkje tilgang, så kan du og senda ein mail til hordaland@nrk.no.

Sendinga byrjar klokka 07.50 og varer til klokka 16.00.

#NRKHordaland