Brann er nærare nedrykksstupet

Brann ligg på nedrykksplass og trengde sårt tre poeng mot Start i kveld. Det fekk dei ikkje, kampen enda 2–1 til Start.

Brann, Husklepp

START VANN: Start kunne setja jubelen laus etter kampen på Brann Stadion. Start vann kampen 2–1 mot Brann.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix
Tale Hauso
Journalist

Mons Ivar Mjelde og Start senka Brann på Stadion. Start slo i dag Brann 2–1 på bortebane i Bergen. Dette er den tredje strake sigeren for Start.

Branns keeper Piotr Leciejewski slipper inn to mål i eliteseriekampen mellom Brann og Start på Brann

SLAPP INN TO MÅL: Branns keeper Piotr Leciejewski slapp inn to mål i eliteseriekampen mellom Brann og Start.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Første mål la Gudmundur Kristjánsson inn frå høgre til Matthías Vilhjálmsson, som scora frå kloss hold. Stillinga vart 1–0 til Start etter 21 minutt.

I det 62. minuttet gjekk sette Azar Karadas ballen i eige mål i eit forsøk på å blokkera eit innlegg, og stillinga vart 2–0 til Start.

Etter 81 minutt kom første mål til Brann. Amin Askar dundra til frå hjørnet av 16-meteren – via Marcus Pedersen og inn i mål.

Fleire mål vart det ikkje på Stadion, kampen enda 2–1 til Start og etter denne 26. serierunden ligg Brann under nedrykksstreken.

Slik var kampen:

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..


Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.