Hopp til innhold

Åsane sjokkerte Brann på Stadion

Høg temperatur i lokaloppgjeret på Stadion. Brann klarte berre 2–2 heime mot veslebror Åsane.

Viljar Vevatne i aksjon mot Åsane på Stadion

LOKALOPPGJER: Viljar Vevatne starta som indreløpar på midtbana til Brann mot Åsane i kveld. Det enda til slutt 2–2.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Astrid M. Nordhaug/Digitalsport.no

Laster innhold, vennligst vent..

Det var venta trykk på Stadion, og det vart det også. Godt over 12.000 hadde løyst billett til kampen mellom Brann og Åsane.

Medan Brann kjempar om opprykk til eliteserien ligg Åsane atskilleg dårlegare an i botnen av tabellen. Begge lag var med andre ord avhengig av poeng, men Brann måtte tola å ha eit soleklart favorittstempel.

Uavgjort til pause

Til pause var stillinga 1–1. Erik Huseklepp sende Brann i føringa, etter at Åsane-keeper Martin Sanchez Olsen måtte gi retur.

Frå kort hald stupheada Huseklepp inn 1–0 til Brann, til stor jubel frå heimetilhengarane på Stadion.

Men Åsane brukte ikkje lang tid på å svare. På eit godt slått hjørnespark raga Kristoffer Nesse Stephensen høgast, og dunka inn 1–1.

Raudt kort til kapteinen

Det var Brann som hadde mykje ball, men Åsane var farleg frampå fleire gonger.

Og berre ni minutt ut i andre omgang sjokkerte bortelaget heile Stadion. Innbytar Niklas Lerpold fekk stå umarkert på bakre stolpe og sende dei oransje i føringa i lokaloppgjeret.

Brann måtte pressa på og fekk utteljing til slutt. Debutanten Ruben Kristiansen fyrte av, via ein Åsane-spelar, i ein boge over keeper Sanchez Olsen og i mål.

Like før slutt vart det dramatisk då Brann-kaptein Jørgen Grønner fekk sjå det raude kortet. Det skjedde etter ei tøff takling av Senai Hagos.

– Ikkje vår dag i dag

Brann-trenar Lars Arne Nilsen var ein skuffa men fatta mann etter kampen.

– Det var greitt med 2–2. Dei har trykk i spelet og vi har ikkje så mykje å kome med i dag diverre. Vi får eitt poeng og det får vi ta med oss, seier Brann-trenaren til NRK.

Nilsen valde å starta med alle dei tre forsterkingane som han har handla inn i sommar.

– Det blir litt nye relasjonar mellom spelarane. Vi har ikkje rytmen og bevegelsane. Det vart for spett.

– Vi gjer ein god bortekamp

Åsane-trenar Morten Knudsen meiner laget hans har fått dårleg betalt i dei to kampane mot Brann denne sesongen.

– Eitt av seks poeng er dårleg betalt. For i dag spelar vi ein god bortekamp og er veldig nær å ta med oss alle poenga, seier Knudsen til NRK.

Han legg til at det raude kortet til Grønner for taklinga på Hagos i hans auge var soleklart.

Jonas Grønner frå raudt kort mot Åsane

SÅG RAUDT: Brann-kaptein Jonas Grønner på veg ut av bana etter å ha fått raudt for ein stygg takling på Åsane-spelar Senai Hagos.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Astrid M. Nordhaug/Digitalsport.no

Ute av topp tre

Med siger til både Sandnes Ulf og Hødd i kveld, tettar det seg til i toppen av 1. divisjon. Brann ligg no på tredjeplass med 32 poeng, sju poeng bak Sogndal som har ein kamp til gode.

Måndag møtest Sogndal og Brann til vestlandsderby i saftbygda.