Hopp til innhold

Statnett innrømmer: Gav ikkje riktig bilete av mastene

Dei omstridde mastene i Hardanger vert meir synlege enn lova, noko som gjer folk forbanna. Sjå video av korleis mastene har blitt.

Bygginga av dei omstridde mastene i Hardanger går føre seg i stor skala. Vi har floge gjennom traseen for å sjå korleis mastene ruvar i terrenget.

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut der mastene strekkjer seg gjennom landskapet. Videoen viser området frå Sima, til Osa, over Hardangerfjorden til Ulvik og vidare til Granvin.

Det er no to sidan bygginga av dei omstridde mastene i Hardanger starta opp. Etter kvart som mastene no reiser seg, viser det seg at dei er blitt meir synlege enn det planane viste.

Rasar mot signalraude mastar

Folk i Hardanger meiner inngrepa ved bygginga av mastene pregar terrenget i større grad enn dei fekk førespegla.

Årsaka er korleis mastene har blitt sjåande ut etter kvart som dei har dukka opp i kommunane langs Hardangerfjorden. Over fjorden og gjennom turterreng strekkjer det no seg raude og kvite master, og kraftlinjene har fått markørar.

Det meiner lokalbefolkninga dei ikkje fekk informasjon om, og at utsjånaden og storleiken på mastene er eit løftebrot frå Statnett.

Ser 13 master frå verandaen

For Reidun Sleire vart det verre enn frykta. Ho har kraftmastene rett utanfor stuevindauget, og linjene strekkjer seg opp i fjellsida ved huset i Granvin. Frå verandaen på Kjærland aleine ser ho 13 ulike master i terrenget.

Ho meiner Statnett ikkje sa sanninga om korleis mastene ville bli.

– Vi er litt sjokkerte, og har vore det i alle år. Eg føler vi har blitt lurt, seier ho.

Master i Hardangerfjorden

SIGNALRAUDE: Det er dette lokalbefolkninga protesterer mot: Raude og kvite master og markørar på linjene.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

«Monstermaster»

Mona Hellesnes

FOLK ER LURT: Innbyggjarane i Hardanger har blitt lurt av Statnett, meiner fylkesvaraordførar Mona Haugland Hellesnes (Venstre).

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Mastene har fått folk til å demonstrera, gå i fakkeltog og lenka seg fast i protest mot den storstilte utbygginga gjennom naturen i Hardanger. Mastene har ført til fjernsynsdebattar, statsrådar som har måtte svara for seg og saka har gått svært mange rundar i det politiske systemet.

Mastene fekk tilnamnet «monstermaster» og det har vore fleire rettssaker mot mastedemonstrantar som har nekta å betala bøtene sine.

I fjor haust vart mellom anna to aksjonistar fjerna av 30 politifolk. Så seint som i august i år var det nye aksjonar i fjellet i Hardanger.

Venstre-topp: – Statnett har lurt folk

Ei av dei som kjempa mot mastene er fylkesvaraordførar i Hordaland, Mona Haugland Hellesnes frå Venstre. Ho var ordførar i Ulvik fram til 2011, og har i heile si periode talt masteutbygginga midt imot.

Hellesnes meiner terrenget ikkje no passar med det kartet dei fekk presentert i planlegginga.

– Heile saka handlar om å gjera dette inngrepet ubetydeleg, slik som vi opplevde det frå Statnett si side. Innbyggjarane som ikkje så det frå før av, har blitt lurt av Statnett, seier ho.

Statnett: – Vi kunne vore meir presis

Statnett hevdar dei prøvde å byggja skånsamt. Men dei seier dei er blitt overraska over strenge krav til merking av kraftlinjene.

Dei vedgår at folk har fått uriktig informasjon, men seier feilinformasjonen ikkje var bevisst.

– Det har aldri vore i vår hensikt å skjula realitetar og slikt. Men eg ser det at vi kunne ha vore meir presis i vår dialog og kommunikasjon, seier prosjektleiar Steinar Bygdås i Statnett.

– Har blitt eit industriområde

Den forklaringa hjelper ikkje Reidun Sleire. Naturterrenget utanfor husdøra hennar vert aldri det same.

– Det har vore mitt himmelrike på jord, men det er ikkje det lenger.

Linja går i dag rett gjennom området der ho plar gå på tur.

– Det er totalt øydelagt her no. Det er omgjort til eit industriområde, seier Sleire.

Ho har sjølv vore aktiv i demonstrasjonar. Ho innser at kampen er tapt.

– Me

greidde det ikkje, seier ho.

Reidun Sleire

INDUSTRIOMRÅDE: – Fjellet er blitt eit industriområde, seier Reidun Sleire. Ho har 13 master som utsikt frå verandaen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK