NRK Meny
Normal

Flyttinga av slammet er utsett

Avfallet etter Vesttank-ulykka skulle ha vore fjerna om fire dagar. Naboane til Alexela Sløvåg seier SFT held innbyggarane i bygda for narr.

Alexela i Sløvåg i Gulen
Foto: Steinar Lote / NRK

I følge ei pressemelding på SFT sine nettsider får Alexela Sløvåg AS fristen utsett frå 31.mars til 20. august fordi dei ikkje klarar å få avfallet fjerna.

Alexela Sløvåg har avtale med eit dansk anlegg som skal ta i mot restane av avfallet etter Vesttank-eksplosjonen i 2007.

SFT har fått melding frå danskane om at dei ikkje har kapasitet til å ta i mot avfallet per dags dato.

- SFT held innbyggarane i Gulen for narr

Gjermund Halsvik, som bur like ved det tidlegare Vesttank-anlegget i Sløvåg, er skuffa over avgjerda til SFT.

Gjermund Halsvik, beboer i Gulen.

Gjermund Halsvik bur i Gulen. (Arkivfoto)

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

- Det er lite truverdig når dei på eine sida seier dei skal bli strengare mot bransjen, og så ser me at dei gir Alexela meir og meir slakk på tauet når det gjeld å rydda opp.

Det er snart to år sidan Vesttank-ulykka. At Alexela Sløvåg ennå ikkje har rydda opp, meiner Halsvik kun går utover naboane og omdømet til Gulen kommune.

- SFT burde sett makt bak kravet for lenge sidan, seier Halsvik til NRK Hordaland.

Trur ikkje på den nye fristen

SFT har nå gitt Alexela Sløvåg frist til 20.august med å få avfallet fjerna. Halsvik har ikkje trua på at Alexela Sløvåg kjem til å kvitte seg med avfallet innan den tid, heller.

- Dei fristane som har blitt sett undervegs og heile greia har blitt ein farse. Dette er ikkje noko reelt å forhalda seg til i det heile tatt.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.