Hopp til innhold

Flyttar arbeidsplassar frå utlandet til Askøy

Oljeserviceselskapet Schlumberger vil flytte avdelingar til Norge. Det betyr fleire hundre nye arbeidsplassar på Askøy.

Schlumberger sitt område på Horsøy på Askøy

FLEIRE ARBEIDSPLASSAR: Schlumberger vil ha meir aktivitet her på Horsøy på Askøy. Dei vurderer å flytta stillingar frå utlandet til Norge.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Det er snakk om eit «signifikant tal» på arbeidsplassar som no kan dukka opp på Askøy, skriv kommunen i ei pressemelding.

Det internasjonale oljeserviceselskapet Schlumberger vurderer samlokalisering av arbeidsplassar, og ønskjer å flytte både internasjonale og nasjonale stillingar til Horsøy på Askøy, der dei allereie har delar av aktiviteten sin.

Etter det NRK kjenner til er det snakk om fleire hundre nye arbeidsplassar til kommunen vest for Bergen.

– Det er svært gledeleg for Askøy, og det syner at vi har gode og attraktive næringsområde i vår kommune, seier ordførar Terje Mathiassen (Ap).

Ordførar Terje Mathiassen i Askøy kommune

NØGD: Ordførar på Askøy, Terje Mathiassen (Ap).

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Auka aktivitet

Oppretting av nye arbeidsplassar er naturleg nok gode nyheiter for ein bransje i krise. Seinast i 2015 varsla Sclumberger at dei såg seg nøydde til å kutta 9000 jobbar over heile verda.

– Oljenæringa har hatt mange utfordringar, så det at Schlumberger ønskjer å auka aktiviteten sin Askøy er noko vi kan vera stolte av, held ordføraren fram.

Nokre av aktivitetane som oljeselskapet vil flytte inn fleire stillingar til er frå firmaet OneSubsea, som Schlumberger er eigar av. På Horsøy har firmaet allereie kontor og selskapet ser på moglegheita for å utvida.

På området har Schlumberger moglegheita til å bygge baser som er skreddarsydd deira formål.

– Gjennom vidare utvikling av Horsøy vil vi som selskap kunne tilby våre kundar meir integrerte totalløysingar. I tillegg vil dette gi spanande karrieremoglegheiter for våre tilsette i eit breiare og meir tverrfagleg kompetansemiljø, seier Atle Nottveit, leiar for Schlumberger i Skandinavia i pressemeldinga.

Dei vil ikkje ut med kor mange arbeidsplassar som blir flytta, eller kva land dei blir tekne frå.

horsøy på askøy