Flytrafikken i gang igjen på Flesland

Flytrafikken er i gang igjen på Flesland, etter at flyplassen var stengt i mange timar på grunn av ekstremveret Nina.

Flesland stengt

SJÅ VIDEO: Alle fly stod på Flesland i mange timar laurdag ettermiddag og kveld.

SISTE: Flytrafikken er i gang igjen, melder Avinor klokka 21.40.

Aslak Sverdrup

LUFTHAVNDIREKTØR: Aslak Sverdrup er lufthavndirektør ved Bergen lufthavn, Flesland.

Foto: Avinor

– Det er framleis kraftig vind. Me har hatt vind opp i 60 knop i kasta og det blir kraftigare dei neste timane, sa lufthavndirektør ved Bergen lufthavn, Aslak Sverdrup, til NRK i ettermiddag.

– Akkurat no er det så kraftig sidevind at det går ut over dei grensene som flya kan fly på, opplyste han.

Kansellerte fly

Flesland stengt

KANSELLERT: Alle fly står på Flesland.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Han opplyste at ingen fly kunne ta av eller lande på Flesland.

– Det er meldt kraftig vær dei neste timane, men det er viktig at folk held kontakt med flyselskapet dei skal reise med, sa Sverdrup.

Flesland stengt

TERMINALEN: Mange personar ventar i terminalen på Flesland.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Det kan hende det betrar seg i løpet av kvelden, men akkurat no er det mange menneske i terminalen. Dei bookar om billettar eller ventar på ny informasjon.

Han var forsiktig optimist då han fekk spørsmål om kor tid trafikken kunne koma i gang igjen.

– Det er sjanse for det seinare i dag, men ikkje på kort sikt. Me følger været tett, og me ligg i forkant i forhold til dei tiltaka me implementerer, så får me håpe det løyar seinare på kvelden, sa han.