Hopp til innhold

Dokken var under reparasjon i halvtanna år – etter berre nokre veker sokk den

ÅGOTNES (NRK): Gigantisk flytedokk kantra og gjekk i fjorden. – Uforståeleg at det kan skje, seier konsernsjefen ved CCB.

Flytedokk går ned ved CCB på Ågotnes

Flytedokk går ned ved CCB på Ågotnes. Foto: Tipsar

Måndag føremiddag klokka 11.28 fekk politiet melding om at ein flytedokk hadde kantra og sokke ved CCB sitt industriområde på Ågotnes.

Politi, brannvesen og redningsskøyte rykte ut etter meldingar om at fleire personar hadde hamna i sjøen.

– Alle personar er komne opp av vatnet. Ingen er sakna, opplyste operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt like etter hendinga.

Etter kvart viste det seg at éin person blei redda opp av sjøen.

– Uforståeleg at det kunne skje

Kurt Rune Andreassen, konsernsjef i CCB, stadfestar at det var flytedokken som CCB kjøpte i fjor sommar, som har gått ned.

– Dette skjedde midt under ein nøye planlagd aksjon, der eit fartøy var på veg inn i flytedokken. Fartøyet bakka ut igjen då dette skjedde, seier Andreassen til NRK.

No har den over hundre år gamle flytedokken, som i mange år har lege på Laksevåg, gått ned utanfor kaia på CBB.

– Det er uforståeleg for meg korleis dette kunne skje, seier Andreassen.

Dokken blir slept på plass ved CCB Ågotnes

SLEPT PÅ PLASS: Sjå bilde av dokken bli slept på plass ved CCB Ågotnes.

Foto: NRK

Glad ingen liv gjekk tapt

Dokken har vore under reparasjon i eitt og eit halvt år. For berre nokre veker sidan vart dokken vist fram etter reparasjonen.

– Eg har nesten ikkje ord. Me var veldig stolte over å få dokken opp og gå igjen, og har brukt store ressursar på den.

Har du gitt opp dokken?

– Det er for tidleg å seie, men eg håpar ikkje det. No må me ta ein ting av gangen. Det viktigaste for meg er at ingen liv gjekk tapt og at ingen blei skadd.

Det var det nye flytande lakseslakteriet «Norwegian Gannett» som skulle inn i dokken.

Andreassen fortel til NRK at han er glad for at Norwegian Gannet kom seg ut frå dokken før velten. Viss ikkje meiner han utfallet kunne blitt mykje verre.

Han kan førebels ikkje seie noko om kor vidt det vert mogleg å heve dokken frå sjøen.

– Alt er mogleg, men no har eg ingen informasjon om korleis det kan gjerast. Det er noko vi må undersøke.

Ågotnes flytedokk

FØR OG ETTER: Biletet viser korleis det så ut då dokken låg til kai – og korleis det ser ut etter at den gjekk ned.

Foto: Mona Vindenes

Bad kapteinen bakka

Sigmund Våge er kaptein på Norwegian Gannet. Han seier dei var på veg inn i dokken for ein sjekk av utstyr.

– Då me var komne inn fekk me beskjed frå dokkmasteren om å bakka oss roleg ut igjen. Etter det så veit eg eigentleg ikkje kva som skjedde med dokken, fortel Våge.

Dokken er bygd i 1911 og er 206 meter lang. Dokken har ei innvendig breidde på 32 meter og kan løfta 12.000 tonn. Norwegian Gannet har ei totalvekt på om lag 5500 tonn, opplyser Våge.

– Noko har skjedd i det me var på veg inn, men det er vanskeleg for meg å uttala meg om det. Me kom oss klar av dokken og alt gjekk vel med oss. Heldigvis ser det ut til å ha gått bra med dei på dokken også.

Flytedokken i verftsområdet har preget Bergen i tiår. Se øyeblikket da den forsvant fra Laksevåg.

Flytedokken i verftsområdet på Laksevåg blei taua bort i 2017. No ligg den på sjøbotn utanfor CCB på Ågotnes.

Éin person redda opp frå sjøen

Politiet melder at det var éin person som hamna i sjøen.

– Dei hadde på seg redningsutstyr og blei raskt henta opp frå sjøen. Det er ingen personskadar etter det eg får opplyst, seier Kurt Rune Andreassen.

Politiet sin innsatsleiar på staden stadfestar at berre ein person hamna i sjøen.

Dei første meldinga gjekk ut på at det var ei kran som hadde velta.

Laster Twitter-innhold

Vitne: – Heilt skjelven

Mona Vindenes sat ved kjøkenbordet då flytedokken gjekk ned.

– Eg sat ved kjøkenbenken og såg ein fiskebåt som var på veg inn i flytedokken. Fiskebåten byrja å bakka sakte ut frå dokken, og då den var komen ut låg flytedokken lågt i vatnet. Så velta den og gjekk rett til botns, fortel Mona Vindenes.

– Eg er heilt skjelven, legg ho til.

Eit anna vitne var Susanna Erikka Kausland, som var på jobb like ved CCB då det hendte.

– Eg kom akkurat inn på kontoret, då eg såg at det var mykje som skjedde i sjøen. Vi såg mykje boblar i sjøen der dokken låg. Etter det vart det mykje aktivitet med båtar i området og mange ting som flaut i sjøen, seier ho til NRK.

Dokken på Laksevåg skal flyttes

DOKKEN: Flytedokken fotografert på Laksevåg før den blei taua til Ågotnes.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK