NRK Meny
Normal

Her seglar den flytande øya innover vika

Ei flytande øy har i sommar sigla fredeleg rundt på Storavatnet på Bømlo i Hordaland. – Det høyrdest utruleg ut, men det synte seg å stemme, seier Håvard Hammarstrøm som fanga den flytande øya på film.

flytande øy

FLYANDE ØY SKAPAR UNDRING: Ei øy har i sommar sigla rundt på Storavatnet på Bømlo i Hordaland.

Foto: Håvard Hammarstrøm / Bømlo-Nytt

Ei lita øy sigla i dag rundt i Storavatnet på Bømlo i Hordaland. Det var Bømlo – nytt som fekk inn tipset, og reiste ut for å sjå om dette kunne stemme.

– Det høyrdest jo utruleg ut, men eg tok turen bort for å sjå etter, seier journalist Håvard Hammarstrøm som også fekk filma øya på ferda over vatnet (sjå film under).

Då han kom fram var det synet av ei øy på storleik med ein buss som møtte han. Øya flaut over vatnet med straumen.

– Eg veit ikkje kva det er, men den er så stor at det ser ut som ei øy. Kanskje er det siv og røter, som har sleppt seg laus frå land, seier Hammarstrøm.

(Artikkelen held fram under videoen)

Skal «rydde opp» øya

– Eg har vore i kontakt med landbrukssjefen, og han meiner «øya» truleg har lausna i samband med eit byggjeprosjekt på andre sida av innsjøen. Utbyggjar skal rydde opp i dette over ferien, seier Hammarstrøm.

Landbrukssjef i Bømlo kommune Njål Gunnar Slettebø seier til NRK at øya har segla rundt på vatnet i heile sommar.

– Me har fått ein del meldingar om ho. Men då har ho lege så langt ute, at ho ikkje var så synleg frå land.

Slettebø stadfestar at øya truleg må vekk.

– Me ønsker ikkje ho skal ende opp i utløpet til vatnet. Når utbyggjarane kjem tilbake frå ferie får dei vurdere kva dei vil gjere med ho.

Flytande øy

MÅ VEKK: Øya må truleg vekk, seier Landbrukssjef i Bømlo kommune Njål Gunnar Slettebø. – Me ønsker ikkje ho skal ende opp i utløpet til vatnet.

Foto: Håvard Hammarstrøm / Bømlo-Nytt

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås