Hopp til innhold

Flypassasjer henta av politiet

Politiet måtte tilkallast då ein mannleg flypassasjer slo seg vrang på eit Norwegian-fly seint onsdag kveld.

Norwegian

Tett snødrev gjorde at eit Norwegian-fly på veg til Molde måtte omdirigerast til Flesland. Då laga ein mannleg passasjer bråk. Her står eit Norwegian-fly værfast i Tromsø (arkivfoto).

Foto: Jørn Resvoll / NRK

Flyet var opphavleg på veg frå Oslo til Molde, men tett snødrev i romsdalsbyen gjorde at flyet ikkje klarte å landa.

Etter fleire forsøk på å få hjula på bakken, vart flyet omdirigert til Flesland og Bergen lufthamn. Då slo ein mannleg passasjer seg heilt vrang, ifølge politiet.

– Vedkommande lagde trøbbel og både kabinbesetningen og resten av passasjerane opplevde han som ukontrollerbar. Det var såpass skremmande at besetninga valde å kontakta oss. Vi stod klar då flyet landa på Flesland etter midnatt, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Gjorde ikkje skade

Då passasjerane gjekk av flyet hadde mannen roa seg heilt ned igjen, og laga ikkje noko trøbbel for politibetjentane som var møtt opp.

– Han var ikkje rusa, så han kan ha fått flyskrekk eller panikk. Vi tok han med til legevakt for ein sjekk, før han vart innlosjert på hotell på Flesland slik som dei andre passasjerane, fortel Rebnord, som presiserer at ingen vart fysisk skadd av oppførselen.

Den mannlege flypassasjeren er meldt til politiet og det er blitt oppretta sak.