Hopp til innhold

Flyg ni dagar til Ghana for å gjere ein jobb på tre timar

Leif Rune Hus skal måndag på ein heilt spesiell jobbtur: Ni dagar i helikopter, eit kjapt oppdrag – og så tilbake same vegen.

Leif Rune Hus skal fly til Ghana

FARTØYET: Leif Rune Hus og flygarane skal fly eit Super Puma 332C-helikopter frå Airlift til Ghana. Maskina «Obelix» er frå 1981.

Foto: Privat

– Det er jo litt rart å reise heilt til Ghana for å gjere ein rask jobb, seier helikopterteknikar Leif Rune Hus.

– Men fordi det ikkje finst riktig helikoptertype for oppdraget der nede, er det faktisk rimelegare at vi reiser frå Noreg for å ta jobben.

Saman med to pilotar frå Airlift sin hovudbase på Førde lufthamn i Gaular, reiser han til vestkysten av Afrika komande måndag. Turen er rekna å ta ni dagar, då dei flyg heile vegen i helikopter, skriv Avisa Hordaland.

– Eit helikopter kan jo ikkje fly så langt som eit rutefly i kvar omgang. Difor må vi lande ganske ofte, det vert ni stopp på vegen ned, forklarar Hus, som til dagleg jobbar på Airlift sin base i Kinsarvik.

Har ansvar for helikopteret

Flyturen går frå Førde til Norwich i England, vidare til Bilbao og Valencia i Spania, før dei flyg til Marokko. Vidare skal helikopteret gå langs vestkysten av Afrika.

På vegen er det planlagd stopp på Kanariøyane, Gambia, Sierra Leone, Liberia og Elfenbeinskysten, før dei landar i Takoradi i Ghana.

Flyture Førde - Ghana

– Sjølve jobben er fort gjort. Vi skal skifte fakkel på eit flammetårn på ein borerigg.

– I praksis går arbeidet ut på at vi skal fly opp ei verktøykasse, fly ned ein gamal fakkel, opp med ein ny fakkel og ned igjen med verktøykassa.

Og når jobben er ferdig?

– Så er det å fly tilbake til Førde, seier Hus.

Helikopterteknikaren sine arbeidsoppgåver undervegs er å sjå til at alt er bra med helikopteret.

– Det er ei gamal maskin, så pilotane kan ikkje fly utan å ha teknikar med. Eg må mellom anna fylle på ekstra drivstoff undervegs.

Airlift Obelix

36 ÅR GAMAL: Det er eit helikopter av denne typen, ein Super Puma frå 1981, som Hus og dei to kollegaene skal reise i.

Foto: Airlift

– Ikkje meir risiko enn å fly i Noreg

Bakgrunnen for at jobben i Afrika går til eit helikopterselskap i Noreg, handlar om kompetanse. Airlift har spesialisert seg på denne type arbeid.

Hus gler seg til turen, sjølv om den vert lang og det er trongt om plassen i helikopteret.

– Eg håpar det ikkje vert mykje tull med helikopteret undervegs.

Flygesjefen i Airlift, Fredrik Rød, seier til Avisa Hordaland at selskapet har erfaring med oppdrag mange stadar i verda.

– Det er sjølvsagt spesielt å ta eit oppdrag så langt borte, men ikkje uvanleg for oss. Det er kulturskilnader og andre måtar å gjera ting på alt etter kvar ein er i verda, men oppdraget har me erfaring med, og det vert eit spennande oppdrag, noko utanom det vanlege for karane.