Flydd til Haukeland med luftambulanse etter frontkollisjon

Éin person er flydd med luftambulanse til Haukeland sjukehus, medan ein annan er køyrd i ambulanse etter ei trafikkulykke i Samnanger.

Ulykke i Samnanger

FRONTKOLLISJON: To personar blei skada etter ein frontkollisjon mellom to personbilar og ein varebil i Samnanger i Hordaland.

Foto: Vegard / Lemme

– Éin varebil ligg på sida etter å ha kollidert med to andre bilar, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Éin varebil og to personbilar skal ha kollidert ved Samnangervegen og Solbjørgvegen i Samnanger i Hordaland.

Dei to personbilane har skader i fronten.

Naudetatane fekk melding om ulykka like før klokka 18. Tilstanden til dei to som blei frakta til Haukeland Sjukehus i Bergen er foreløpig ukjent.

Politiet melde først at alle dei tre involverte personane var skada, men den siste av dei tre er uskadd, melder politiet på Twitter klokka 18.44.

Eitt felt er stengt på Fv. 7, og det er manuell dirigering på staden.

– Det er ein del kø ved Gullbotn, seier Magnussen.

Klokka 19.53 melder Statens Vegvesenet på Twitter at vegen er opna og fri for ferdsel igjen.