NRK Meny
Normal

Fly på Flesland fekk ikkje lette

Navigasjonssystemet til Avinor vart slått ut og lamma flytrafikken i store delar av landet.

Flesland

FÅR IKKJE LETTE: Eit fly på Flesland står klar til å fly mot Trondheim, men får ikkje lette fordi det er ein feil på navigasjonsutstyret i Bodø. (Arkivfoto)

Foto: Tore Sevheim / NRK

– Flytrafikken går som normalt forutan at det er eit fly som står klar til å ta av mot Trondheim, og det kan ikkje ta av fordi luftrommet over Trondheim blir styrt av Bodø, sa Aslak Sverdrup som er lufthamndirektør på Flesland lufthamn i Bergen til NRK for ein time sidan.

Då var det ein feil på navigasjonssystemet i Bodø som gjorde at fly på veg nordover ikkje fekk lette.

Feilen retta

Avinor melder at problema no er løyst og at luftrommet er opna for trafikk. Ifølgje dei må ein rekna nokre forseinkingar i flytrafikken

Det er planlagd 5–6 flygingar frå Flesland og nordover utover ettermiddagen og kvelden, men det er for tidleg å seie om desse vert råka av trøbbelet. Du kan halde deg oppdatert på flyavgangane på Avinor sine nettsider.


Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik