NRK Meny
Normal

Fløibanen i Bergen fyller 100 år

I 100 år har ein av Noregs mest kjente turistattraksjonar frakta bergensarar og stadig fleire turistar til fjells.

15. januar 2018 fyller Fløibanen i Bergen 100 år.

SJÅ HISTORISKE BILDER: Fløibanen har frakta bergensarane til Fløyfjellet kvar dag i hundre år. I all slags vær.

Sidan 15. januar 1918 har Fløibanen gjort luftig utsikt og friluftsopplevingar på Fløyfjellet lett tilgjengeleg på få minutt.

Den skinnegåande kabelbana i Bergen har i hundre år nærast vore i kontinuerleg drift og har blitt ein av Noregs mest kjente turistattraksjonar.

– Det har jo bokstaveleg tala berre gått oppover. Dette er ein attraksjon eg trur bergensarane set veldig pris på, seier administrerande direktør Anita Nybø.

VEDLIKEHOLD AV FLØIBANEN

KVAR DAG: I 100 år har det vore nær kontinuerleg drift av Fløibanen, kun stogga av vedlikehald og vognutskiftingar.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Feiring

I dag blir det ein liten tjuvstart på feiringa. 100-årsdagen blir markert med familiedag på Fløibanens nedre og øvre stasjon (320 moh.).

Dei tilsette i selskapet har kledd seg i tidsriktig mote frå 1918 og bergensarane får ta banen gratis ein veg fram til klokka 14.00.

Nybø håpar fleire tusen tek turen for å feire byens stoltheit i dag.

– Vi hadde 4000 påstigingar i går og håpar på kring 6000 i dag.

Fløibanen i Bergen får nye vogner i 2002.

NYE VOGNER: Her blir dei gamle vognene skifta ut i 2002. Det året gjorde Fløibanen sin største ombygginga sidan starten i 1918.

Foto: Stein J. Bjørge / Aftenposten

1,7 millionar påstigingar

Dei første tankane om ei kabelbane til Fløyen i Bergen vart lufta allereie i 1895. Det skulle likevel gå nokre år før nokon la pengane som trongst på bordet.

Arbeidet med den 850 meter lange bana byrja i 1914, men første verdskrig gjorde at byggeperioden vart lenger enn planlagd.

Sidan 1918 har Fløibanen vore gjennom fleire endringar, kanskje mest tydeleg på sjølve vognene. Dei fekk sin velkjende fargar raud og blå tidleg på 50-talet.

Selskapet som i byrjinga var ei transportbedrift har på 100 år også blitt til ein stor og viktig reiselivsaktør i turist-Noreg. Passasjertalet har auka jamt og trutt i fleire år og i 2016 hadde Fløibanen 1,7 millionar påstigingar.

Fløibanen på 1970-tallet

POPULÆR: Fløibanen ein gong på 1970-talet.

Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix

Vil utvide

Administrerande direktør Anita Nybø seier turistane i sommarhalvåret er viktige for Fløibanen, men at bergensarane er dei som tek bana heile året.

– Bergensarane gjer det mogleg for oss å ha heilårsdrift.

Planane for vidare vekst for Fløibanen er klare. Arkitekt er i full sving med å teikne øvre og nedre stasjon på nytt, slik at ein kan setje inn lengre vogner med plass til rundt 120 passasjerar.

– Målet er å ha nye vogner på plass innan tre-fire år. Arbeider på nedre stasjon på Vetrlidsalmenningen har vi planar om skal starte allereie til hausten, avsluttar Nybø.

Siste video

Annika Beinnes synger Solveigs sang i båten "Babben"