Hopp til innhold

Fløibanen ble stengt etter hærverk

Den eine vogna på Fløibanen vart utsett for omfattande tagging i natt. Selskapet måtte jobbe på spreng for å unngå alvorleg etseskade på vogna.

Frykter etseskader etter tagging

TOTAL TAGGING: Nesten heile den eine sida av den raude fløybane-vogna vart i natt tilgrisa medan ho stod parkert på øvste stasjon.

Klokka 12.30 starta Fløibanen å gå att.

Politiet jaktar på ein ukjent gjerningsperson etter at den raude vogna på Fløibanen vart utsett for tagging på Fløyen stasjon i totida i natt.

– Alarmen gjekk klokka 02.15, og både Securitas og politiet rykka ut, fortel administrerande direktør Anita Nybø i Fløibanen AS. Ho er svært skuffa over det som har skjedd.

– Trist og skremmande

– Det er kjempetrist at folk ikkje har andre ting å ta seg til enn å gjera hærverk på ein attraksjon som Fløibanen er. Vedkommande har gått opp langs heile skjenegangen til topps og tydelegvis visst kva han ville. Det skremmer meg at det ser ut som han har planlagt det.

Anita Nybø på nedre stasjon på Fløibanen

KJEMPETRIST: Administrerande direktør Anita Nybø i Fløibanen beklagar banen må halda stengt i dag (arkivfoto).

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

No jobbar teknisk avdeling i Fløibanen AS på spreng for å fjerna det.

– Heile høgre side av den raude vogna er tilgrisa. Me prøvar å få det vekk med ordinære hushaldskjemikaliar – white spirit og raudsprit og slikt. Men det ser ut som treng ekstern hjelp, for det er eit ganske tjukt lag.

Kjempar mot etsing

Nybø seier det er om å gjera å få tagginga bort raskt, slik at det ikkje gjer ytterlegare skade.

– Me har dessverre vore borti dette før, og då har det etsa. Det er det vi er redd for, for då må me mala opp att heile vogna.

Vedlikehold på Fløibanen

STENGT AV HÆRVERK: Heile den eine sida av den raude Fløybanevogna vart i natt kraftig tilgrisa av tagging.

Foto: Fløibanen AS

Politiet rykka ut med ein hundepatrulje i natt, men så langt er ingen arresterte.

– Det er trist å måtta seia til våre besøkande at banen må halda stengt. Me køyrde barnehagebarna opp til Fløyen-barnehagane som normalt. Men no er banen stengt til me har fått av det verste.

Nybø håpar at banen kan opnast att klokka 12 i dag.