NRK Meny
Normal

Fletta seg til topps med bilete og bok

Flettekunsten til Bente-Helen har nådd fleire titusen sidan ho byrja å legge ut bilete av fletter på Instagram. No har menneske i heile verda fått flettedilla, og hobbyen til Bente-Helen har blitt til bok.

Flettekunsten til Bente-Helen har nådd titusenar sidan ho byrja å legge ut bilete av fletter på Instagram. No har menneske i heile verda fått flettedilla, og hobbyen til Bente-Helen har blitt til bok.

FLETTEMAMMA: Ho hadde aldri lagt ut eit bilete på Instagram, og eit år etter har ho 85 000 følgjarar. Bente-Helen Schei har fått titusen til å få flettedilla, og hobbyen hennar har blitt bok.

Flettemamma lagar flettekunst

FLETTEKUNST: Bente-Helen Schei lagar fletter i alle mogelege variantar.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Det er eit eventyr. Folk har blitt veldig opptatt av det, både unge, vaksne, og eldre, seier Bente-Helen Schei.

For litt over eit år sidan hadde ho aldri lagt ut eit bilete på bildedelingstenesta Instagram, og sosiale medium var noko framand.

Då Bente-Helen i august i fjor la ut det første flettebiletet av dotter si var ho strålande nøgd med 30 følgjarar etter ei veke. No har ho over 85 000.

– Det er veldig mange som synst dette er kjekt. Det er blitt eit fenomen på eit vis, seier Bente-Helen.

(Saka held fram under videoen)

LÆR Å LAGE LUGGFLETTE:

Sjå korleis Bente-Helen Schei flettar luggflette.

LAG SJØLV: Sjå korleis Bente-Helen Schei lagar luggflette. Foto/redigering: Tim Christian Wassmo

Toppar salslistene

Bente-Helen Schei

TOPPAR SALSLISTENE: «Fletteboka» av Bente-Helen Schei toppar salslistene.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Dei mange flettebilete vart til slutt til «Fletteboka» som Bente-Helen gav ut i haust. No toppar boka salslistene, og det er kanskje ikkje så rart.

Bente-Helen lagar nemleg fletter mange aldri har sett maken til, og boka inneheld instruks på korleis ein kan lage heile 75 ulike fletter.

For NRK viser Bente-Helen mellom anna korleis ein lagar fireflette, fiskebeinsflette, tauflette, luggflette, og blomsterflette. Perler og snorer er med, og det manglar ikkje på kreativitet.

Flettekunst

FLETTEKUNST: Bente-Helen Schei har mange flettevariantar å by på.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Det blir rett og slett eit slags kunstverk oppe i håret, og eg trur det fangar interessa til folk fordi det er noko nytt. Plutseleg ser ein at fletter kan vera så veldig mykje meir, seier Bente-Helen.

– Ein kler seg med sminke og med klede, men kvifor ikkje gjere litt ekstra med håret også, spør ho.

(Saka held fram under videoen)

LÆR Å LAGE BLOMSTERFLETTE:

Sjå korleis Bente-Helen Schei lagar blomsterflette.

LAG SJØLV: Sjå korleis Bente-Helen Schei lagar blomsterflette, og prøv sjølv. Foto/redigering: Tim Christian Wassmo

– Fordi det er gøy

Flettemamma med døtrene sine

KJEKT: Bente-Helen byrja å flette fordi ho og døtrene synst det var gøy. No har flettene blitt både Instagram-hit og bok.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Kanskje i motsetnad til andre suksesshistorier fører boksuksessen til Bente-Helen til meir tid med familien. Døtrene hennar får stadig ordna håret, og venninnene deira stiller også gjerne opp som flettemodell.

– Me får ei fin tid saman. Om morgonen er det ofte hektisk, men når me får det til, er det å flette ein fin og roleg start på dagen, seier Bente-Helen.

At det er kjekt å flette får Bente-Helen bekrefta når ho spør døtrene kvifor dei driv med fletting:

– Fordi det er gøy.

LÆR Å LAGE TAUFLETTE:

Sjå korleis Bente-Helen Schei flettar ei tauflette.

LAG SJØLV: Sjå korleis Bente-Helen Schei lagar tauflette. Foto/redigering: Tim Christian Wassmo.

LÆR Å LAGE FISKEBEINSFLETTE:

Sjå korleis Bente-Helen Schei lagar fiskebeinsflette.

LAG SJØLV: Sjå korleis Bente-Helen Schei lagar fiskebeinsflette. Foto/redigering: Tim Christian Wassmo.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.