Hopp til innhold

Thea (22): – Angrar på at eg droppa ut

Thea (22) gjekk lei og slutta på vidaregåande før ho var ferdig. Hordaland er fylket der desidert flest enkeltelvar droppar ut av den vidaregåande skolen.

Thea

VALGTE FEIL: Thea Akselberg Sætre skulle ønske at ho hadde klart å bli ferdig med skulen når ho skulle.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vallogo

– Det er ganske kjedeleg å sjå på venner som er ferdige utdanna no, og eg er ikkje ferdig med vidaregåande eingong, seier Thea Akselberg Sætre.

22-åringen frå Bergen bestemte seg for å slutta på vidaregåande medan ho gjekk i andreklasse. Det er ho ikkje aleine om.

Av dei som starta i 2009, er det tilsaman 100 skuleklassar som ikkje har fullført etter fem år i Hordaland.

– Det var i løpet av andre klasse eg droppa ut. Det var viktigare å vera sosial, og eg vart anbefala å slutta i staden for.

– Tenk deg om ein ekstra gong. Det er berre tre år så er du ferdig.

Thea (22)

Fråfall for kullet som starta i 2009

Elevar

Fråfall

Fråfallsprosent

Akershus

7289

1679

23 %

Hordaland

6274

1824

28 %

Rogaland

5678

1540

27 %

Oslo

5152

1325

26 %

Sør-Trøndelag

3676

1054

28 %

(Fleire av fylka med færre elvar har langt høgare fråfallsprosent enn fylka med flest elevar)

Dårlegast i klassen

Hordaland er det fylket der flest elevar droppar ut av vidaregåande. Av dei fylka med mest flest elevar er det også her fråfallet er størt måla opp mot elevtala.

1824 av elevane, 29 prosent, av dei som starta på vidaregåande i Hordaland i 2009 hadde ikkje fullført utdanninga etter fem år.

– Det uroar med veldig. Me hadde håpa at me hadde sett betre resultat, seier Høgre sin skuletalsmann i Hordaland, Dan Femoen

Sjølv om 40 ulike enkelttiltak (ekstern lenke) er testa ut, har fråfallstala vore stabile frå 1994 og fram til i dag.

Thea

PRIVATIST: No er Thea klar for å starta på sjukepleiarstudiet. Men først må ho fullføra vidaregåande som privatist.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Gjer ikkje nok

– No har Høgre og Frp styrt fylkeskommunen i 12 år. Resultatet er nedslåande, seier Rasmus Laupstad Rasmussen frå Arbeidarpartiet

Han skuldar det borgarlege fleirtalet for å ha svikta i kampen mot fråfallet.

– Under 70 prosent av dei som byrja på vidaregåande skule i Hordaland fullfører. Det er ganske dramatisk det me ser.

Aftenposten har i fleire saker fortalt at politikarane ikkje greier å få ned det stabile høge fråfallstalet nasjonalt.

– Vil bli sjukepleiar

Andre fylkeskommunar har betre resultat enn Hordaland. Medan Akershus har 1000 elevar meir enn Hordaland droppa færre elevar ut kvart år.

– Eg trur ikkje me ha famla i blindet, men me har sett i gong mange tiltak for me har dårleg tid, seier Femoen.

Med laptopen i fanget gjer Thea Akselberg Sætre ein innsats for å ta igjen det tapte som privatist, 22 år gammal ber ho andre velja annleis enn ho gjorde sjølv.

– Tenk deg om ein ekstra gong. Det er berre tre år så er du ferdig. No veit eg at det er sjukepleiar eg vil blir, så eg må berre stå på.

Fråfall i Hordaland 2000 - 2009

2000

28 %

2001

28 %

2002

30 %

2003

30 %

2004

29 %

2005

30 %

2006

28 %

2007

30 %

2008

29 %

2009

29 %