Folket har talt: Dette er landets verste flyplass

Flesland er den flyplassen folk er minst fornøgde med. Det viser ei ny undersøking blant dei største norske flyplassane. Aller mest fornøgde er dei som reiser frå Rygge.

Kø på Flesland

HER ER FOLK MINST FORNØGDE: Ifølge ei ny undersøking er Flesland den av dei store flyplassane her i landet som scorar dårlegast på kundetilfredsheit. – Det er for dårleg, seier fungerande flyplassdirektør Tor Vidar Sæle.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Moss lufthavn Rygge

HAR DEI MEST FORNØGDE KUNDANE: Moss Lufthavn Rygge kom aller best ut av det i EPSI si ferske måling av kor tilfredse kundar dei største flyplassane har. I motsett ende av skalaen kom Flesland Lufthavn Bergen, der dei reisande er minst nøgde.

Foto: Holm / SCANPIX

Det er Dine Penger som onsdag morgon melder at Flesland Lufthavn Bergen er den flyplassen som kjem dårlegast ut når det gjeld kundetilfredsheit.

Fungerande lufthamndirektør Tor Vidare Sæle seier nettsida at resultatet er nedslåande.

– Vi jobbar kvar dag med å gje reisande gode opplevingar og forbetre oss på alle punkt vi kan. Dette er ikkje godt nok.

Sjekk heile lista: Best og verst

Trass i at flyplasskundane generelt var meir nøgde i år samanlikna med 2013, er landets største flyplass, Oslo Lufthavn Gardermoen, unntaket på dette punktet.

På Gardermoen har nemleg mengda tilfredse kundar gått ned samanlikna med året før.

SAS-fly tar av fra Gardermoen

HER ER FOLK MINDRE NØGDE ENN FØR: Oslo Lufthavn Gardermoen fekk 68 poeng, noko som er like under snittet for alle dei undersøkte flyplassane. Det var likevel litt dårlegare enn fjorårets resultat.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

Her er resultata:

  • Moss Lufthavn Rygge: 73 poeng
  • Sandefjord Lufthavn Torp: 71 poeng
  • Trondheim Lufthavn Værnes: 68 poeng
  • Oslo Lufthavn Gardermoen: 68 poeng
  • Bergen Lufthavn Flesland: 59 poeng

(Målinga er basert på svar frå reisande ved alle landets flyplassar. Dei som ikkje er nemnd ved namn over, er slått saman i kategorien "andre" og scora totalt 73 poeng.)

Ingen av flyplassane fekk resultatet "meget tilfreds" på barometeret. Dei einaste som fekk resultatet "tilfreds", altså ei scoring på meir enn 70 på målebarometeret, var Rygge Lufthavn Moss og Torp Lufthavn Sandefjord.

Eit resultat under 60 poeng gir resultatet "misnøgd" på barometeret. Av alle dei målte flyplassane, var det berre på Flesland i Bergen at resultatet blei så dårleg.

Dyrt og mindre bra

Det er andre år på rad at EPSI måler kor tilfredse norske flyplasskundar er.

Årets resultat viser at reisande generelt er hakket meir nøgde med flyplassane enn den tilsvarande målinga i fjor.

Likevel oppgjer mange at dei generelt syns dei får for lite for pengane sine på flyplassen. Spesielt gjeld dette transport til og frå, og prisnivået på kioskvarer og restaurantar i forhold til pris.

Trur utbygging påverkar resultatet

flesland

KØ EIT VELKJENT SYN: Det går føre seg for tida storstilt utbygging på Flesland, og fungerande flyplassdirektør Tor Vidar Sæle trur det vil gje seg utslag på tilfreds-barometeret når ny terminal er på plass. – Vi har altfor mange reisande i dag i forhold til kapasiteten.

Foto: Elisabeth Strand Mølster / NRK

For tida går det føre seg storstilt utbyggingsarbeid på Flesland, som bygger ny terminal.

Fungerande flyplassdirektør Sæle trur det kan ha påverka kundane sitt noko nedslåande inntrykk.

– Vi har altfor mange reisande i dag i forhold til kapasiteten, og det går nok ut over opplevinga for somme.

Unge minst fornøgde

Studien har blant anna sjekka korleis reisande opplever kvaliteten på transportmuligheiter, innsjekk, bagasjehandtering, tryggleikskontroll og komfort.

Fredrik Høst, som er leiar for EPSI som utførte undersøkinga, trur forretningsreisande er meir kravstore enn privatkundar i si vurdering, og at det òg kan påverka resultata.

– Reiser du på jobb, er du gjerne meir stressa på tid. Og vi ser at tida som innsjekking og tryggleikskontrollen tar i stor grad er med på å styre brukaropplevinga.

I tillegg viser undersøkinga at yngre folk generelt er mindre tilfredse enn eldre.

Ei oppsummering av undersøkinga kan du lese på EPSI sine nettsider.