Hopp til innhold

Ville ha med seg denne på flyet – heile Flesland evakuert

FLESLAND (NRK): Politiet evakuerte den nye terminalen på Flesland då dei oppdaga ein mistenkeleg gjenstand i bagasjen til ein flypassasjer. Det viste seg å vere eit kunstverk.

Granat på Bergen lufthavn Flesland

HANDGRANAT: Ein handgranat i keramikk var årsaka til at passasjerane på Flesland måtte ut av den nye terminalen onsdag føremiddag.

Foto: 03030-tipset / Politiet

Like etter klokka 11 starta politiet evakuering av flyplassterminalen på Flesland, etter funn av ein mistenkeleg gjenstand.

– Vi fekk melding om ein granatliknande gjenstand i sikkerheitskontrollen på Bergen lufthavn. Gjenstanden vart avdekka ved skanninga av bagasje, og flyplassterminalen vart umiddelbart evakuert, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Etter rundt 40 minutt vart alarmen avblåst.

Laster Twitter-innhold

– Vidare undersøkingar viste at gjenstanden var laga av keramikk, seier Geitle.

Eit kunstprosjekt

– Då bagasjen vart skanna såg gjenstanden ut som ein ekte handgranat. Dette var eit kunstprosjekt, så granaten var i keramikk, forklarer innsatsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Personen som eigde kofferten vart raskt identifisert.

– Vedkommande forklarte kva dette eigentleg var. Ut ifrå desse opplysningane vart det sjekka vidare, og bestemt at flyplassen kunne gå tilbake til normal drift. Dette gjekk eigentleg veldig raskt, seier Sætre.

Evakuering av Flesland i Bergen

TØMTE TERMINALEN: Det var den nye terminalen på Flesland som vart evakuert.

Foto: Lin Anett Haugsland

Onsdag ettermiddag opplyser operasjonsleiar Lars Geitle at hendinga ikkje får konsekvensar for kvinna som hadde sjekka "granaten" inn.

– Ho har ikkje gjort noko straffbart, men berre vore ubetenksam. Vi vurderer dette ikkje som noko sak, og dermed får det heller ikkje nokon konsekvensar for ho, seier Geitle.

Under ein time etter at evakueringa blei sett i verk var alle passasjerane inne på flyplassen igjen.

– Dette fekk ikkje store konsekvensar for flytrafikken. Hendinga skjedde midt på dagen, i eit tidsrom der det er lite trafikk. Eit fly vert ein halvtime eller tre kvarter forseinka, men utover det ser det ikkje ut til å få store trafikale konsekvensar, seier lufthamndirektør Aslak Sverdrup til NRK.

Dag Olav Sætre og Aslak Sverdrup

INNE IGJEN: Innsatsleiar Dag Olav Sætre og lufthamndirektør Aslak Sverdrup seier alle passasjerane har fått kome inn igjen på terminalen.

Foto: Christian Lura / NRK

– Roleg evakuering

Alle passasjerar måtte forlate den nye terminalen etter at funnet vart gjort, og samla seg utanfor.

Ein passasjer NRK har prata med fortel at vakter og politi bad folk om å gå roleg ut, men at det ikkje gjekk nokon alarm.

– Dette går fint. Folk spøker og tar det fint i kulda utanfor, sa ein av passasjerane medan evakueringa held på.

Håndgranat som evakuerte Flesland

UFARLEG: Då denne handgranaten i keramikk vart oppdaga i bagasjen til ein passasjer, evakuerte politiet umiddelbart alle passasjerane.

Foto: Politiet