Hopp til innhold

Fleire vêroppdrag for politiet

Politiet har hatt fleire oppdrag i samband med den kraftige vinden i natt. Mellom anna har fleire tre velta og ein lyktestolpe har knekt ved avkøyringa til Festtangen i Arna. Ifølgje BKK er det ingen utan straum i fylket no. – Det har heldigvis ikkje skjedd nokon personskade i løpet av natta, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold