Hopp til innhold

Det nye byrådet er klart

Fleire utskiftingar i det nye byrådet i Bergen.

Nytt byråd i Bergen

BYRÅDSLEIAR: Her presenterer Monica Mæland (H) det nye byrådet i Bergen i ettermiddag, flankert av Filip Rygg (KrF) og Liv Røssland (Frp).

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Her er det nye byrådet i Bergen:

  • Byrådsleiar: Monica Mæland (H)
  • Byutvikling og samferdsel: Filip Rygg (KrF)
  • Finans: Liv Røssland (Frp)
  • Skule og barnehage: Harald Victor Hove (H)
  • Kultur og næring: Gunnar Bakke (Frp)
  • Helse: Hilde Onarheim (H)
  • Sosial: Lisbeth Iversen (KrF)

Drevland blir ordførar

Ny ordførar blir Trude Drevland (H) og varaordførar blir Tor Woldseth (Frp).

Det nye byrådet blei presentert på ein pressekonferanse på rådhuset klokka 13.30 i dag.

Her kan du lesa heile den politiske plattformen til det nye byrådet.

Fleire endringar

I ei pressemelding frå kommunen i føremiddag kom det fram at det ville bli ny ordførar, varaordførar og fleire nye medlemmer i det nye byrådet.

Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet har forhandla i seks veker om å danna nytt byråd . Desse tre partia har vore saman om det sitjande byrådet i Bergen.

Dagen etter kommunevalet var Venstre inne i forhandlingane, men berre i nokre få minutt. På eit forhandlingsmøte gav partiet beskjed om at det var uaktuelt å forhandla vidare viss Framstegspartiet skulle vera med.