Kraftig uvêr i Bergen

Brannvesenet har rykka ut til om fleire stader i Bergen grunna uvêret.

Lynet slår ned på Flesland

LEKKASJE: Her slår lynet ned på Flesland. Brannvesenet har rykka ut til Heliporten etter å ha fått melding om vasslekkasje. Flyplassen er stengt etter at lynet slo ned i tårnet.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Lynnedslag på Landås

LYNNEDSLAG: Brannvesenet er ute på fleire stader etter uvêr. Her slår lynet ned. Bilete er tatt på Landås.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

SISTE: Flyplassen er opna att. Etter at lynet slo ned i tårnet på Flesland vart flyplassen stengt. Det var vatn inne på flyplassen og heliporten.

Brannvesenet har rykka ut til fleire stader i Bergen kommune.

– Det er røykutvikling på loftet i ein bustad på Askøy, kanskje i to bustader, seier Torkjell Helle som er vaktkommanderande i 110-sentralen i Hordaland like etter klokka 18:00 til NRK.

– Me har sjekka dette, og det er ikkje melding om opne flammar, seier Helle klokka 18:30.

Årsaka til brannutviklinga i bustaden i Marikovneset på Askøy skal vere lynnedslag, og brannvesenet har kontroll. Huset er sjekka med varmesøkjande kamera, og det er ingen brann.

På den andre bustaden på Askøy, i Kleppevegen, skal røykutviklinga vere grunna naudstraumsaggregat som starta, og det førte til røyk frå motor.

Ikkje lenge etter 18:00 rykka brannvesenet ut til Loddefjord.

– Det brenn i eit elektrisk skap i Loddefjord òg no, seier Helle til NRK.

– Brannen i Trafokiosk skuldast sannsynlegvis uvêret. BKK har komme fram, og brannen er under kontroll, seier Helle til NRK klokka 19:10.

Fleire tre stengjer vegar

I Fleslandvegen ligg eit stort grantre over vegen, og delvis over leidningsnettet. Brannvesenet treng kranbil for å fjerne treet.

– Treet låg over vegen grunna lynnedslag, seier Helle.

Klokka 21:00 melder politiet på Twitter at treet i Fleslandsvegen har blitt rydda, og at trafikken går forbi som normalt.

I Løbergsvegen i Bergen skal òg eit tre ha falle over vegen etter uvêret.

(Saka held fram under Twittermeldingane.)

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Fleire lekkasjar

Den store mengda med vatn har før til lekkasjar. I Øvre Sandviken er det lekkasje i ein kjellar.

– Me har òg rykka ut til Flesland der det er vasslekkasje på Heliporten, seier Helle til NRK.

– I Djuvikflaten på Askøy har det gått vatn inn i ein butikk, og det har gått vatn inn i bustad på Øvre Sandviksveg. Der har me vore og reinsa, seier Helle.

Like før klokka ti om kvelden melder brannvesenet at det er vatninntrenging i Helleveien på Handelshøgskulen.

Det har òg vore eit jordras i Munkebotn i Bergen. Jordraset skjedde bak eit hus.

(Saka held fram under Twittermelding.)

Laster Twitter-innhold

Flesland vart stengt

Fly som skulle til Flesland frå København vart omdirigert

OMDIRIGERT: Fly som skulle til Flesland frå København vart omdirigert til Haugesund etter avgjerd frå kaptein.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Lynet skal ha slått ned i tårnet på Flesland, og flyplassen vart no stengt grunna vatn inne i bygg.

– Me har ikkje full oversikt, men det er vatn som har komme inn i fleire bygg, seier Helle.

– Blant anna er det vatn i hovudterminalen, og i heliporten. Me veit konkret om dei to, men me har inntrykk om at det er vatn i fleire bygg, seier Helle.

Eit fly frå København som skulle til Flesland vart omdirigert til Haugesund etter avgjerd frå kapteinen på flyet.

  • Sjå stormskyene frå lufta:
    Sjå stormskyene over Bergen frå lufta.

    STORMSKYER FRÅ LUFTA: Fotograf Torje Bjellaas filma stormskyene over Bergen frå lufta.