Hopp til innhold

Fleire unge med psykoser

Bruken av det farlige stoffet metamfetamin aukar i Bergen.

Narkoman
Foto: NRK

- Du kan sniffe det, svelgje det eller ta det med sprøyte.

Ei kvinne NRK har snakka med forklarer korleis ein kan bruke det narkotiske stoffet metamfetamin. I Nygårdsparken i Bergen er det ingen sak å få tak i stoffet. Kvinna NRK snakka med, seier ho nettopp har "landa".

- Eg tok berre for femti kroner, og var vaken i tre heile døgn.

Kan føre til sterke psykosar

Metamfetamin er sterkare og farlegare enn vanleg amfetamin, og kan føre til sterke psykosar. Ikkje sjeldan endar misbrukarane opp ved psykiatrisk akuttmottak på Sandviken sjukehus.

- Bruken av dette stoffet er mest utbreidd blant unge vaksne. Problemet med psykosar utløyst av dette stoffet er også størst i denne gruppa, seier overlege ved avdeling for psykoselidingar i Helse Bergen, Rune Kroken.

Kvinna i Nygårdsparken i Bergen fortel om sine opplevingar med stoffet.

- Eg gjekk rett i psykoseverda. Eg høyrde lydar og såg skuggar og slike ting.

Fleire psykotiske unge

- Vrangforestillingane er ofte slik at ein føler seg motarbeida eller i verste fall forfulgt. Når det gjeld hallusinasjonar så kan det vere at ein høyrer stemmer og sjå ting som ikkje stemmer med røynda, seier overlege Kroken.

Han opplever ein auke i talet på psykotiske unge som har gått på metamfetamin.

- Her på sjukehuset har me merka ein auke i psykosar utløyst av bruk av sterke stimulerande stoff. Dette gjeld òg amfetamin, men særleg metamfetamin. Me har inntrykk av at det er mykje metamfetamin på marknaden i dag, og dei siste åra.

HØYR HEILE SAKA: