Hopp til innhold

Fleire unge i Anonyme Alkoholikere

Fleire unge med alkoholproblem tek kontakt med Anonyme Alkoholikere. – Det er urovekkande at fleire unge drikker seg sanselause, seier forskar.

Ungdomsfyll

DRIKK MEIR: Unge vaksne i Noreg drikk mindre enn før. Men dei som drikker, drikker meir enn før. (ILLUSTRASJONSBILETE)

– Kring 15 prosent av dei som går i Anonyme Alkoholikarar er under 30 år, og interessa er aukande, fortel «Arne» som har lang fartstid i AA.

Han har god oversikt over medlemsmassen rundt om i landet, og ser ei tydeleg trend: Fleire unge med alkoholproblem tek kontakt med organisasjonen.

– Me merkar det på at fleire kjem, og at fleire deltek på ein anna måte. Dei kjem ikkje berre for ei behandling, men fordi dei søker eit nytt livsgrunnlag, fortel han.

LES OGSÅ: Ungdomsfylla får konsekvenser

Fleire unge med alkoholforgifting

Lege og forskar Odd Martin Vallersnes held på med ei doktorgrad om rusmiddelforgifting og jobbar ved legevakta i Oslo.

Legevakten i Oslo

LEGEVAKTA: Fleire unge enn tidlegare kjem inn til legevakta i Oslo med alkoholforgiftning

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Over dei siste ti åra har han sett eit aukande tal på unge vaksne som kjem inn til legevakta med akutt alkoholforgifting, særleg på nattetid i helgane.

Ungdommane som kjem inn på legevakta med alkoholforgifting er stort sett frå 17–18 årsalderen og opp i midten av 20-åra.

– Dei er nærast dauddrukne, og vert stort sett plukka opp i byrommet ulike stadar. Ute av stand til å gjere greie for seg, knapt i stand til å stå på beina, rett og slett i ei hjelpelaus tilstand, seier Vallernes.

LES OGSÅ: Ungdomsfylla halvert: – Fokuset i dag er på å være mest mulig trent

Dei som drikker, drikker meir

Det er eit paradoks at fleire unge vaksne får alkoholforgifting, når ein samstundes veit at ungdom som gruppe drikker mindre enn dei gjorde før, seier Vallernes.

– Det er urovekkande. At me ser fleire med alkoholforgifting betyr nok at mange drikker risikabelt ofte.

Unge vaksne drikker mindre enn før. Men dei som drikker, drikker større mengder. Vallernes er ikkje overraska over at fleire unge tek kontakt med AA.

– Det er ikkje overraskande i og med at me ser ei auke i talet på unge vaksne med alkoholforgifting.

LES OGSÅ: Norsk ungdom ruser seg mindre | Ungdom drikk mindre alkohol

Får betre oppfølging

Ved legevakta i Oslo har dei no sett i gong fleire tiltak for å fange fleire som står i fare for å utvikle eit alkoholmisbruk. Alle under 23 som kjem inn med rusmiddelforgifting får snakke med helsepersonale etter behandling, der dei også lagar ein avtale om å snakkast igjen om 1–2 veker.

– Frå liknande tiltak som er gjennomført andre stader, veit me at berre det å ta denne praten har ein effekt i seg sjølv for ein del. I tillegg til det gjer me også ei kartlegging med kvar enkelt pasient for å sjå om dei trenger å bli tilvist til rus- eller psykiatriklinikk eller til fastlegen, seier Vallernes.

LES OGSÅ: – Urovekkende mange unge drikker