Hopp til innhold

Fleire unge går på blodtrykksmedisin

BERGEN (NRK): Talet på unge som bruker blodtrykksmedisin har gått opp med 70 prosent på 10 år. – Urovekkande, meiner Legemiddelverket.

Sverre Seime

KONTROLL: Allmennlege Sverre Seime måler blodtrykket på pasient Avner Getz.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Som allmennlege måler Sverre Seime ofte blodtrykket på pasientar. No opplever han at han stadig oftare må skrive ut resept på blodtrykksmedisin også til dei under 30 år.

– Det er ganske hyppig unge personar kjem inn på kontoret for å få hjelp med overvekt og tidleg diabetes. Då får dei også påvist for høgt blodtrykk og blir behandla for dette, seier Seime.

– Ein svær auke

Tal frå reseptregisteret at det har vore ein auke på 70 prosent i bruk av blodtrykksmedisin for dei under 30 år dei siste 10 åra.

No er det nesten 10.000 personar under 30 år som går på denne type medisin.

– Det har vore ein svær auke, mykje større enn i andre aldersgrupper, seier Steinar Madsen i Legemiddelverket.

Steinar Madsen

HØGE TAL: Fagdirektør i Statens Legemiddelverk, Steinar Madsen meiner det er urovekkande at så mange unge må gå på blodtrykksmedisin.

Foto: Statens legemiddelverk

– Fleire vert overvektige

Han seier aukande overvekt blant unge er årsaka til at fleire må gå på blodtrykkmedisin.

– Det har nok noko med at det er fleire unge som har risiko for hjarte- karsjukdom grunna overvekt og diabetes og difor treng blodtrykksmedisinar.

Dette kan få konsekvensar vidare i livet seier fagdirektøren.

– Høgt blodtrykk og diabetes gir auka risiko for hjarte og karsjukdommar seinare i livet, slik som hjarteinfarkt og hjerneslag, seier Madsen.

Han meiner dette viser ein negativ tendens når det gjeld helsa til dei unge

– Det viser at helsetilstanden blant de unge er blitt dårlegare. Det er fleire overvektige og fleire med diabetes. Men det er bra at dei får behandling når dei først treng dei. Det er viktig.

– Medisinen er trygg

For dei som må bruka medisinen seier Madsen at den ikkje er særleg problematisk.

– Moderne blodtrykksenkande medisinar har lite biverknader og er veldig trygge og gode medisinar.

Men han er likevel uroa over det som ligg bak den høge medisinbruken hjå unge.

– Det er veldig urovekkande fordi dei vil dra med seg ein høg risiko for sjukdom gjennom heile livet, og det er ein veldig uheldig utvikling, seier Madsen.