NRK Meny
Normal

Snøvêret laga trøbbel

Våt og tung snø har stengt fleire vegar og gjort fleire tusen straumlause i dag.

Tre ligg over linje opp mot Bontveit

OVER LINJE: Eit tre har ramla over ei linje på fylkesveg 165 mellom Kaland og Bontveit. Brøytebilsjåføren som har tatt dette bildet kjem ikkje forbi.

Foto: 03030-tipsar

Fredag morgon har det kome inn ei rekke meldingar om velta tre og stengde vegar.

Spesielt på fylkesveg 580 mellom Arna og Nesttun i Hardangervegen har det vore fleire tre og leidningar som har ramla over vegen.

– Vi har stengt vegen ved Hjelle bakeri. Først ramla ein høgspentkabel over vegen, og vi tek ingen sjansar. Den kan vera straumførande, seier operasjonsleiar Morten Kronen i politiet til NRK like før klokka 08.00.

Straumleidning ramla ned og trefte bil

Linjebrot i Arnatveitvegen

RAUK AV: Mannskap frå BKK med ein vaier som ikkje tolte snømengda i dag.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Rett etter ramlar nok ein straumleidning ned, og denne gongen trefte den ein bil.

– Det gjekk heldigvis bra med føraren av bilen, men bilen har fått ein kraftig bulk i taket. No må vi ha fleire frå BKK på plass her, seier Kronen.

– Det var mykje våt og tung snø i går kveld og så har det snødd i heile natt. Dette har lagt seg på linjene. Det er årsaka til både straumbrot og leidningsfall, forklarar Anne Mette Tuvin, kommunikasjonsrådgjevar i BKK

Klokka 08.30 er Hardangervegen mellom Arna og Nesttun opna for trafikk igjen.

Laster Twitter-innhold

Fleire tusen utan straum

Ifølge BKK skal i overkant av 3000 kundar no vere utan straum. Det største straumbrotet er på Osterøy, der har fleire stader vore utan straum sidan seint i går kveld.

Som følgje av dette er både Haus skule og Haus barnehage stengt, skriv Bygdanytt.

Også delar av Nordhordland og Bergen er ute, samt på Os og i Gulen.

Sjå oversikt over kor straumen er vekke her.

– Ikkje rør leidningar

På Fv 165 Gymmeland – Frotveit, på strekninga Kaland–Bontveit er stengt på grunn av oppryddingsarbeid etter ein rotvelt. Fylkesveg 328 Stordalen er no open etter at eit tre låg over vegen.

BKK åtvarar folk om å ikkje røre linjer som ligg på bakken, då dei kan vere straumførande. BKK satsar på at dei får orden på straumbrota utover føremiddagen.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik