Hopp til innhold

Tusenvis framleis utan telefon og nett

– Det vil ta tid før alt er oppe og går som normalt igjen, seier Telenor.

Stolpe Hatvik

I Hatvikvegen er det søndag kveld opprydding etter at telefonstolpar ligg på halv to over vegen.

Foto: Kim Olav Hatløy Skår / 03030-tipser

Ninas herjing på Sletteneset i Fana

Stolpar, master og tre ligg framleis strødd utover i fylket. Her frå Sletteneset i Fana tidlegare i dag.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Statusen på telefon- og breibandsnettet etter herjingane til ekstremvêret «Nina» er framleis den same klokka 20.30 søndag kveld. Sjølv om fleire og fleire får dekning på mobilen og summetone i fasttelefonen igjen, er det mange tusen som står att.

Totalt er det 143 basestasjonar i heile landet som er slått ut av stormen. 4335 enkeltabonnentar er utan fasttelefon og 9093 breibandkundar er utan internett.

– Utan tvil er det Hordaland som er hardast råka. 90 prosent av utfalla gjeld Hordaland, men mange har også fått att fasttelefonen sin i dag, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor Norge til NRK.

Veit ikkje når det er normalt att

Selskapet prioriterer å få opp sambandet i kommunane Austevoll, Tysnes, Samnanger, Radøy, Lindås, Meland og Austrheim. I Austevoll er situasjonen mykje betre søndag kveld enn den var tidlegare, ettersom kommunen har fått tilbake straumen.

Amundsen kan ikkje lova noko om når telefon og internett fungerer som normalt.

– Det er veldig avhengig av når straumen er tilbake og når vi er ferdig med å rydde linjene for sambandet vårt. I morgon trur eg mykje er gjort, men eg er redd for at enkeltkundar vil ha problem i nokre dagar framover.

Eltravågen i Sveio etter Nina
Foto: Tor Andrè Johannessen / 03030-tipser