Hopp til innhold

Fleire tonn med gamle bilbatteri blir stolne kvar månad

Tjuvar bryt seg inn på returpunkt og stikk av med gamle bilbatteri. Internasjonale søppelbandar kan stå bak.

Brukte bilbatteri på gjenvinningsstasjon

POPULÆRE BLAND TJUVAR: BiR fortel at opp mot 700 kilo bilbatteri har blitt stole i veka sidan september.

Foto: BIR

Det høge innhaldet av bly gjer brukte bilbatteri attraktive for tjuvar, som dei siste månadene har forsynt seg grovt frå mottak for farleg avfall ved bensinstasjonar i bergensområdet.

Renovasjonsselskapet BiR har merka ein markant auke sidan september: Mellom 600 og 700 kilo batteri har blitt stolne i veka sidan september. Det svarar til fleire tonn i månaden.

Tjuvane tømmer batteriet for bly, som igjen blir frakta ut av landet og seld vidare.

No er BiR uroa for kva som skjer med dei miljøfarlege stoffa etter at tjuvane har henta ut metallet.

– I verste fall hamnar det i vassdrag og elvar. Det er alvorleg, seier kommunikasjonsrådgjevar i BiR, Tina Skudal.

Har funne «slakteplassar» for avfall

Fagrådsgjevar i Naturvernforbundet, Per-Erik Schulze, fortel at elektroavfall på ville vegar er eit stort problem i heile landet.

– Vi har kome over ein del «slakteplassar» der farleg elektroavfall har blitt hogge opp. Når gjerningspersonane har henta ut det dei vil ha, let dei restane ligge att. Det kan få farlege konsekvensar.

Han seier det er særskilt problematisk dersom folk kastar denne typen avfall i vasskanten.

– Det kan skape akutte lokale problem, åtvarar han.

Avfallsbande kan stå bak

Per-Erik Schulze, Norges Naturvernforbund

FARLEG: – Når restane etter elektroavfallet ligg att i naturen kan det få store konsekvensar, fortel Per-Erik Schulze i Naturvernforbundet.

Foto: Jo Straube

Det er uklart kven som står bak tjuveria, men Schulze fortel at dei kjenner til organiserte søppelbandar i Europa, med forgreiningar inn i Noreg.

Det farlege avfallet blir hogge opp i Noreg, før dei verdifulle delane blir frakta ut av landet. Restane vert liggande att.

Naturvernforbundet meiner det norske systemet for handsaming av farleg avfall er for dårleg.

– Det gjer det vanskeleg å spore dei som står bak. Ikkje berre tjuvane, men også dei som dumpar elektroavfall i naturen, seier han.

Trur tjuveria er systematiske

Kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal

VESTLANDSRAID: Kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal, mistenker at tjuvane systematisk stel brukte bilbatteri på Vestlandet og sel blyet frå desse i utlandet.

Foto: Elise Angell / NRK

BiR sine mottak for farleg avfall på bensinstasjonar er sjølvbetente. I 2011 måtte desse få hengelås etter fleire tilfelle av store tjuveri.

Det nye no er at tjuvane er begynt å bryte seg inn på returpunkta.

BiR opplever tjuveria som systematiske, og mistenker også at tjuvane hentar ut og sel blyet i utlandet.

– Vi trur det går føre seg eit batteriraid på Vestlandet, seier ho.

Det kan henge saman med Naturvernforbundet sin teori om avfallsbanden.

– Når det er systematiske tjuveri kan det vere teikn på at ein slags organisert mafia står bak. Elles finst det også enkeltpersonar som gjer dette for eiga vinning, fortel Schulze.

Lite å tene på brukte batteri

I Noreg må ein selje svært mange brukte bilbatteri dersom ein skal tene seg rik på det.

Dag Rune Eide i Stena Recycling fortel at dei kjøper bilbatteri for mellom to og fem kroner kiloet.

For reint bly, betalar dei 12–15 kroner kiloet.

At det finst internasjonale bandar som stel elektroavfall, er nytt for han.

– Eg er ikkje kjend med dette, men vi oppbevarer slikt innelåst.